Debatt

Det heilage hev skift stad

myklesaken

Svaret frå Jan-Erik Ebbestad Hansen til Asbjørn Aarnes i Morgenbladet 17. november er eit døme på kor vanskeleg det kan vera å ordskiftast om moralske spursmål i ålmenta. Hansen gjeng ikkje inn på synspunktet åt Aarnes, som er at Sangen om den røde rubin representerte eit moralsk fall i norsk litteratur, men freistar å gjera eit poeng av å stella engasjementet åt Aarnes i Mykle-saki upp mot det arbeidet han i seinare år hev lagt ned for å gjera filosofien åt Emmanuel Levinas kjend i Noreg. Hansen skriv at Aarnes "har hengitt seg til en retorikk der gjengangere er 'Den annen', 'Den annens ansikt' og 'bluferdighet' ".

Ikkje berre er dette ein vyrdlaus og reduserande måte å umtala arbeidet åt Aarnes på; Hansen mistyder denne filosofien når han vil ha det til at det “ikke [var] mye omtanke for den annens ansikt” då Aarnes gjekk imot dei som vilde forsvara Mykle. Denne samanstellingi ber ikkje: Bodet um å taka imot “Den andre” er ikkje det same som eit bod um ikkje å kritisera andre. Personar som Arnulf Øverland, Francis Bull og Olof Lagercrantz var myndige nok til å kunna svara for seg.

Hansen hev heller ikkje skyna den fulle meiningi av det Aarnes skriv um at han og dei andre som stod på A. H. Winsnes' sida i kritikken mot Mykle, "var på en måte datidens muslimer" (Morgenbladet 27. oktober). Hansen er mest uppteken av å problematisera tydingi av ordet muslimer, og tek ei rad atterhald fyrr han kjem med si tolking av utsegni åt Aarnes: "Parallellen må i så fall være at de i kampen for det de oppfatter som 'det hellige og ukrenkelige'[,] forenes i et bastant krav om vesentlige begrensninger av ytringsfriheten."

Når Aarnes gjeng so langt som å jamføra seg sjølv og meiningsfellane sine i Mykle-saki med muslimane i dag, er det sjølvsagt ikkje for å koma med etterpå-klok sjølvkritikk eller for å signalisera at dei var imot ytringsfridom. Der er for å segja noko um kor langt burt me er komne frå det som den gongen var normale synsmåtar i moralske spursmål. Og ved å jamføra med muslimane minner Aarnes oss på at det er dei som gjeng fyre på dette umkvervet i dag. Det finst ikkje nokon kraftfull “annen front” lenger, som held fram ein moral tufta på fornuft og finsemd. Moralen vart kasta ut med frigjeringsbadevatnet åt 68-arane, og tomromet dei lét etter seg, er det snart berre muslimane som kann fylla.

Dette kjem Aarnes attende til heilt til slutt i innlegget sitt: "I dag er arenaen overtatt av muslimene, de er blitt vokterne av det ukrenkelige." Og so legg han til: "Det er ingen seier for kulturen, tvert imot." I det ligg det: Det teiknar ikkje godt for framtidi når me fær eit jamt større moralsk gap millom ei muslimsk verd tufta på millomalderlege dogme og ei vestleg verd som ikkje vil vita av nokon moral i det heile. Aarnes spyrr seg, i stykket "Trua og trolla" i den nyst utkomne boki Råka av røyndom: "Det heilage har skift stad, det er ikkje lenger hjå oss. Men er det hjå dei andre?" Med andre ord: Er det forsvarlegt å yverlata til dei andre å definera det heilage og ukrenkjelege? Her reiser Aarnes viktuge spursmål som me bør taka ålvorleg.

Klaus Johan Myrvoll

Student

Moralen vart kasta ut med frigjeringsbadevatnet åt 68-arane.

Mer fra Debatt