Debatt

Om pengar, olje og utvikling

"Ja, det hadde selvsagt vært verre for Nigeria uten disse inntektene, ikke alt sløses bort," seier ambassadør Tore Nedrebø om landet sine oljeinntekter, i eit intervju med Maria Reinertsen. Med andre ord: Vi kan ikkje stilla serlege krav til effektivitet i eit fattigt land. Om vi, med våre pengar, får til nokre synlege resultat, så er det bra, sett ovanfrå og utanfrå.

Dette synet står i skarp kontrast til dei realitetane vi ser i fattige land – med eit anna perspektiv. Sett nedanfrå og innanfrå finn vi ein lokal økonomi og lokale marknader med små ressursar og små marginar. På slike marknader er kravet til økonomisering og effektivitet nødvendigvis store. Lokale marknader er, også, stort sett korrupsjonsfrie, sjølv i land som elles er gjennomsyra av korrupsjon. Men få av oss viser interesse for den eksisterande lokale økonomien i fattige land – den er ikkje moderne nok for oss, den er for grå og fattigsleg. Når vi snakkar om handel, til eksempel, snakkar vi berre om WTO, internasjonal handel og eksport, ikkje om den lokale handelen – den som betyr noko for fattigfolk.

Mange ser den rett og slett ikkje. I mange ambassadar og ekspertmiljø lever vi i vår eiga verd, med flysendt import av det meste, frå møblar til vin, bak høge murar, godt avsondra frå lokal økonomi og kvardagen i det landet vi lever i.

Korrupsjon oppstår helst i andre sektorar, i møtet mellom vår rikdom og deira fattigdom. Den har ofte sitt opphav i pengar som sit for laust, eller i pengebruk som er for massiv. Pengebruken i oljeutvinning er, til eksempel, sjeldan eller aldri kompatibel med lokal økonomi.

For ein del år sidan budde eg saman med ein britisk botanikar som hadde arbeidt i Nigeria i mange år, også i første del av landet sin olje-epoke. Vi hadde lange diskusjonar på eit gjestehus i Uganda, og han forklara utviklinga i Nigeria på ein overtydande måte, med eksempel eg kjende att frå andre afrikanske land.

Han sa at då dei første oljeinntektene kom, var det ei viss anstendigheit hjå dei styrande, og ein vilje til å bruka pengar for å utvikla landet. Mellom anna ville dei satsa på utdanning, og byggja skular og universitet. Det vart reist ei rekkje undervisningsbygg, det vart planta alléar og bygt internat.

Men interessa for utdanning fall så til eit lågmål hjå mange av dei mest gåverike unge.

Kvifor? Grunnen var enkel. Ungdom, spesielt i byane, og spesielt dei mannlege, såg raskt at utdanning ikkje var den rette vegen. Dei ana at skulevegen var ein veg for taparar. Dei såg at sume smarte folk vart ufatteleg rike på kort tid då oljeøkonomien kom. Den beste vegen til å få sin del av kaka låg ikkje i studiar som kunne ta mange år, men i raske kupp, og i det å ha dei rette kontaktane. Undervisningsbygga vart ståande halvtomme og utan vedlikehald.

Intelligens og evner vart nytta til å prøva å finna snarvegar til rikdom, ved kreativitet, raske kupp og svindel. Bak det heile låg draumen om rask og lettvint rikdom – ikkje ved hardt arbeid og det å leggja stein på stein, og slett ikkje med kroppsarbeid og sveitte, men med smartness. Etter kvart hardna det til, med våpenbruk og – no – kidnappingar. Og også hallikverksemd og prostitusjon. Eller ein karrière i fotball eller emigrasjon.

Draumen om raske pengar ligg heile tida bak. Eller som ein student, Uguzo Byron, skreiv med enkle ord i ei oppgåve, då eg ved Makerere-universitetet i Uganda tok opp temaet korrupsjon i forvaltninga av naturressursar: “When a poor man sees money, he will do whatever he can to please the rich man, even destroying the trees.” Eg gav han ein bra karakter, han hadde sett det sentrale.

Det er uråd å bruka milliardar av eksterne kroner i fattige og svakt organiserte land utan skadeverknader. Vi kan sjølvsagt byggja vegar, bruer, bygningar, oljeleidningar – men medan den fysiske infrastrukturen veks opp, har våre pengar ofte ein eroderande verknad på det sivile samfunnet. Dei gjev lokal inflasjon og tappar eksisterande lokale organisasjonar for nøkkelpersonell. Tradisjonelle økonomiske strukturar vert svekka. Verdiar og sosiale nettverk – som møysommeleg er bygt opp, stundom i generasjonar – kjem brått i skuggen og vert uinteressante, gamaldagse, avfeldige. Våre store og raske pengar overskygger totalt dei små pengane. Mot dette trur vi, naive nordmenn, at det hjelper med kurs og seminar i etikk, god vilje og vakker retorikk.

Det som trengs er realisme, og meir respekt for fattigfolk sin sveitte og ikkje minst for kvinner sitt arbeid. Det trengs også meir innsikt enn det som kjem fram i Morgenbladet sitt intervju.

Trygve Refsdal

Har jobba som konsulent i ulike utviklingsland i Afrika og Asia i om lag 20 år. Jobbar no med Skjervheimseminaret.

Mer fra Debatt