Debatt

E-post til Morgenbladet og Posten Norge

Som abonnent på overnemnde aviser (som blir levert i vår postkasse av nemnde etat) vil vi gjere merksam på at produktet berre unntaksvis når oss på utgjevardagen. I dag mandag 22. mai mottok vi Klassekampen datert lørdag 20. mai. Likeså kom Dag og Tid av same dato først i dag. Morgenbladet utkom fredag 19. mai, men Posten Norge klarer heller ikkje å levere den publikasjonen før i dag mandag den 22. mai. Da er det gått tre dagar sidan Morgenbladet kom ut.

Vi skal ikkje trøytte Dykk med korleis det var førre helg, eller helga før det igjen. No er det – pussig nok – gått hundre år sidan brørne Orville og Wilbur Wright fekk innvilga patentnummer 821393 på “a flying machine”, 22. mai 1906. Men nok om det. Vår avisglade husstand bur midt på Vestlandet, nær ein Europaveg og ein halvtime unna næraste flyplass. Vi noterer 2006 og trudde at den konkurranseutsette og marknadstilpassa Posten Norge skulle få fram aviser medan dei enno var ferske. Vi vil ha desse avisene som aktuell helgelesnad, ikkje som kald mandagsgraut. Nett slik som vi trur at leiinga i Posten Norge ønskjer å ha det, i fall dei les papiraviser.

Dersom Posten Norge:

a) gjer jobben sin og syter for at blada kjem fram når dei skal, blir vi barnsleg glade for det som skulle vere ein sjølvsagt ting.

b) ikkje klarer dette, er det overmåte flautt og skammeleg for Posten Norge. I tillegg blir vi deppa og må vurdere å slutte med å abonnere på gamle aviser.

Så, Posten Norge, svar utbedes: blir det a) eller blir det b) framover?

PS. Dagens Næringsliv lørdag er ikkje omfatta av denne klagen. Vi spekulerte ei tid over dette. Det viser seg at vestlandsopplaget av denne avisa blir prenta utanfor hovudstaden.

Vennleg helsing til Morgenbladet, Dag og Tid og Klassekampen og Posten Norge fra

Per Marifjæren og Katrine Sele

Vassenden

Mer fra Debatt