Debatt

Nekrolog for Institutt for industriell miljøforsking

Ein snart femtiårig institusjon har i dag 21. mars 2006 avgått ved døden, Institutt for industriell miljøforsking (IFIM) i Trondheim.

IFIM var det første arbeidsforskingsinstituttet i Noreg oppretta 7. februar 1958 og var lokalisert ved Noregs Tekniske Høgskule (NTH) i Trondheim. Instituttet var basert på visjonane om eit betre arbeidsliv gjennom demokratisering og nedbygging av hierarki. Opprettinga skjedde etter donasjonar frå trønderen, seinare direktør Throne Holst i Freia. Verksemda var industriell oppdragsforsking, men etter kvart med departement og forskingsråd som dei viktigaste finansieringskjeldene.

IFIM si historie er uløyseleg knytta til den tidlegare personalsjefen i Freia, Einar Thorsrud, som der fekk teste ut i praksis nye idear om leiing og organisering av arbeid som sjølvstyrte grupper og industrielt demokrati. Han var sentral i opprettinga av IFIM og drift av dei første åra, før han dro til Oslo og oppretta søsterinstituttet AFI (Arbeidsforskingsinstituttet) som for øvrig lever i beste velgåande.

IFIM sin tradisjon var tufta på etterkrigstidas vitskapsoptimisme og utvikla ein praktisk retta humanistisk aksjonsforsking gjennom ei tru på samfunnsforskinga si rolle som samfunnsbyggjande instrument.

Norsk næringsliv var heilt frå starten av sentralt i opprettinga av og utforminga av IFIM gjennom styrerepresentasjon og gjennom å vere hovudfokus i forskinga og i ønsket om å vere med og forme Noreg til eit moderne industrisamfunn gjennom ei rekkje industrialiseringsprosjekt. Samarbeidsforsøka mellom LO og NAF (no NHO) starta i 1962 der forskarar frå IFIM stod sentralt, fremma at medbestemmelse gjennom industrielt demokrati samstundes skulle auke produktiviteten i bedriftene.

Denne fagtradisjonen som IFIM var tufta på hadde tett kontakt med Tavistock Institute i London som utvikla vitskapleg kunnskap om ulike virkemiddel i industrialiseringsprosessen. Her utvikla ein sosioteknisk systemdesign, “sosioteknikken”, ein kontrast til både Scientific Mangement- og Human-Relation retningane innan organisasjonsforskinga.

Tradisjonen frå IFIM har gjennom sitt søsterinstitutt på tidlegare NTH, Institutt for organisasjon og arbeidslivsfag (ORAL), no Institutt for industriell økonomi og teknologileiing (IØT), utdanna ein heil generasjon organisasjon- og arbeidslivsforskarar.

Mitt IFIM har kanskje aldri eksistert. Det er likevel vemodig å ta farvel med ein god venn gjennom mange år.

Berit Moltu

Mer fra Debatt