Debatt

Cicero og Cato

I det mediekritiske essayet "Speilvendingstrikset" i Morgenbladet 27. januar skriv komponist Helge Iberg mellom anna: "Det sies jo at Cicero alltid avsluttet sine taler i det romerske senatet med følgende parole: 'For øvrig er jeg av den mening at Khartago bør ødelegges.' Sammenlignet med andre politiske eller militære problemer var utfordringen fra det nordafrikanske kontinentet den største trusselen mot det romerske samfunnet, mente Cicero."

Cicero (106–43 f.Kr.) var ein stor talar som visste å nytte det offentlege rommet, men i dette tilfellet er han neppe det beste førebiletet for dei “revolusjonære speilknusere” Iberg gjerne vil at seriøse mediefolk skulle vere. Khartago var øydelagd alt under den tredje puniske krigen, i 146 f.Kr. Cicero opptrer her som ein rein etterplaprar, sitatet “Praeterea censeo Carthaginem esse delendam” må han ha etter den noko eldre senator Cato den eldre (234–149 f.Kr., nytta som hovudperson i Ciceros filosofiske dialog “Om alderdom”), og haldninga måtte verke temmeleg reaksjonær på eit tidspunkt da den romerske dominansen over dei vestlege delane av Nord-Afrika var udiskutabel. Kva for ein moral det eventuelt skulle liggje i dette for seriøse mediefolk, har eg ikkje heilt klårt for meg. Kan det vere “Sjekk aldri ei god historie”?

Anders Aschim

Mer fra Debatt