Debatt

Oss posørar imellom

I Morgenbladet 25. november polemiserer professor i filosofi, Gunnar Skirbekk, mot dei nye posørane i det offentlege rommet utan å nemne kven dette er. Grunnleggande for argumentasjonen hans er skiljet mellom å overtyde og overtale, slik Hans Skjervheim overtydde (overtalte?) oss om for 40 år sidan.

Når eg så i eit innlegg 9. desember etterlyser kven dei nye posørane er, svarar Skirbekk (23. desember) med at slik empiri eigentleg ikkje er nødvendig. Det er tilstrekkeleg å vise skiljet paradigmatisk (idealtypisk), så vil lesaren sjølv, rett nok med fare for å gjere mistak, finne ut etter kvart kven som er/ikkje er posør.

Men det som er lett i fagfilosofien – å konstruere eit paradigmatisk skilje mellom posørar (som driv med overtaling), og ærlege sanningssøkarar (som overtyder), – er i ei stridande offentlegheit vanskeleg. For i den deltar Gud og kvarmann med like stor rett, men med ulik makt og autoritet. Og når nokon i diskursane sitt forløp lærer seg å skilje mellom dei som “søker krafta i dei gode argumenta” frå posørane og manipulatorane, skjer det, så langt eg har erfart, utan hjelp frå filosofien sine paradigme. Sjølv etter Skirbekk sine presiseringar er eg framleis like uvitande om kven han siktar til. For kven er ikkje tilhengar av rasjonalitet og gode argument?

Han rår oss derimot til å lese den siste boka si om Den filosofiske uroa. Diverre har ho fått altfor lite offentleg åtgaum, ifølgje ein reportasje i Klassekampen. Mest ingen meldingar, til skilnad frå dei 44 meldingane som den urolege debutboka hans Nihilisme? fekk i 1958. Det var lettare å få merksemd før.

Det er sjølvsagt heilt utdatert av meg, slik Skirbekk peikar på, å gå 40 år tilbake til då Skjervheim sette dagsorden ved å spele deltakar ut mot tilskodar, eit skilje Skirbekk nyttar seg av seinast 23. desember. Dei som verkeleg vil "oppdatere seg på den aktuelle debatten", bør ifølgje Skirbekk heller lese antologien Striden om sanninga med bidrag frå Karl-Otto Apel, Jürgen Habermas m.fl.

Dei fagfilosofiske intervensjonane i offentlegheita er likevel sjeldan til å stole på, for i politikken kan sjølv dei djupaste filosofane falle endå djupare (jf. Heidegger). Habermas, som no også kan posere med Holbergprisen for å ha framheva metoden med å søke krafta i dei gode argumenta, kom fram til ved hjelp av nettopp denne metoden at det var rett å støtte Nato sin luftkrig mot Jugoslavia i 1999. Då vart mang ein norsk filosof forskrekka. USA sin krig mot Irak, derimot, er Habermas meir skeptisk til. Brukte han same metode i 2003?

Skirbekk avsluttar innlegget sitt med eit spark mot uttrykksmåten min, som skal gå ut på "å gjenta foucaultianske og andre postmodernistiske talemåtar". Du verden! Foucault var altså postmodernist. Det visste eg ikkje. Ironisk nok var det krigane i Europa på 1990-talet, særleg den i 1999, som tok knekken på postmodernismen som akademisk mote, ikkje fagfilosofane sine gode argument. Overtydande argument kan ta dei mest brutale, uakademiske former. "Erfaringer er uten fagspråk," seier Georg Johannesen i Eksil.

Og på same vis som eksilet berre er ein annan måte å vere tilstades på, slik Johannesen viste, er det å vere observatør ein måte å vere deltakar på.

Så kven er posør?

Hans Ebbing

Seniorrådgiver

Mer fra Debatt