Debatt

Bygdetullingane

Trond Giske har forstått det. Kulturministeren forstår at vi treng eit massivt kulturløft. Den raud-grøne regjeringa veit kva bygde-Noreg treng.

Isak Sellanrå? Tarjei Vesaas og Alf Prøysen? Jon Fosse? Nei, Trond veit at i det næringsfattige indre Austlandet strålar Petter Solberg like intenst som Ona fyr. Alle møter opp når han sprutar champagne over bygdefolket, store og små, i Næringsveien, 1820 Spydeberg. Gatekjøkkenet rekvirerer ny forsyning av pølser og ketchup. Meisteren er her. Sjefen i ekstreme stunts, kongen av oppfresa sand i Australia, søle i Japan og gjørme i Canada. Med tretti tusen håpefulle rekruttar på myr, i skog, på vatn og fjell. Over alt, i sine moderne, framtidsretta ATVs, SUVs, vann- og snøskuterar, bånn gass, nesten alle med miljøvenlege 4-takts motorar, utan lydpotte, full fres. Rallycross.

Det er det vi driv med heile tida, her på bygda: Traktorpulling i Sunnhordland, bilknusing med monstertraktorar på Jæren, akrobatfly over Voss og stuntkvinner i fallskjerm – i bunad, medan hornmusikken spelar og NRK filmar. Her er høgdepunkt i kvar ein festival. Det gjev signal til ein ny generasjon: Fart og spenning, eksos og fri flyt, mekking i pausane. Masse desibel. Kick-off og teambuilding. Aktivitet, næringsutvikling, liv og røre, drivhusgassar, framgang og vekst og oppfresa våtmarker.

Endeleg får vi prøve-VM i rallycross. Kulturløft! Trond Giske fiksa sytten millionar. Sylvia Brustad er imponert, ein feit opptur for Finnskogen, Solør og Kløfta. Tiurleik? Molter og sopp? Nei takk, dei fresar vi vekk med svidde dekk. Og blåbæra kan polakkane plukka. Som den urbane Carlos frå Argentina sa til meg, på NSB i Finsetunnellen: “Nordmenn har to interesser: Gravemaskiner og dynamitt.” No får vi altså ei tredje interesse: Kultur.

Media er med. For fullt. Dei veit kva som rører seg i bygde-Noreg, og dei skriv om det. Dei sender ut like gode signal som Petter Solberg, til oss her ute.

Sjølv driv vi litt på sida av det heile, heilt i utkanten av Voss. Ute på bygda, med seminar og slike ting. Filosofi og refleksjon og alt det der, Skjervheim og heile greia. Intellektuelle saker. Cathrine Holst og Arne Johan, Francis og Bjørgulv Braanen. Vi lurer alltid på om kulturavisa BT oppdagar oss, der ute i periferien. Avisa med 26 sportsleiarartiklar om Brann kvar sesong? Kjem vi, seminaristane, til orde? Kjem vi haustens smalahovefestival til knes i mediedekning? Festivalen med kappeting, høg musikk og mykje show?

Sjølvsagt ikkje. Ikkje eitt ord i jubileumsåret 2005 om nerdane der oppe på Stalheim. Litt nedtur også for smalahova, det er ikkje lett å laga gode reprisar. Men så kjem ein ny vri: Ei heilside, fullformat, eksklusiv – utan annonsar, med fargar og krigsoverskrift: “Kari Traa droppet smalahovefesten for å trene.” Så veit vi det. “Vestlandets storavis” på sitt beste: “Smalahovefesten på Voss gikk uten Kari Traa sist lørdag,” skriv journalisten, Magnar Taule. “Omgivelsene var nærmest i sjokk over at kuledronningen droppet fristilmiljøets hæla-i-taket-samling til fordel for trening.”

Ei fullformats heilside også til Liv Grete. Eit fallskjermhopp på Voss for å psyka seg opp. Fru Skjelbred Poiree var, i fylgje BT, ekstremt tøff, ei stålkvinne, men eigentleg ei ekstremt mjuk og sårbar kvinne. Mange her lokalt klaga over eit infernalsk bråk frå flyet, eit russiskbygt Antonov, med flyforbod i EU. Det var bygdedyret som var ute og gjekk, dei som er mot framgang og vekst og utvikling. Dei som berre vil sitja på verandaen og ha fred og ro for å kosa seg med kaffi og småkaker og småprata. Men nokre desibel må vel bygdetullingane tola, når den raud-grøne regjeringa no startar sitt kulturløft?

Trygve Refsdal

Voss

Mer fra Debatt