Annonse
04:00 - 23. desember 2005

Posering og argumentasjon

Annonse

I Morgenbladet 9. desember har Hans Ebbing kritiske merknader til distinksjonen mellom å overtyde i argumentativ forstand og å overtale i retorisk og manipulativ forstand, med referanse til kronikken min 25. november (“Dei nye posørane – og kampen mot det betre argument”). Og han spør korleis vi kan skilje posørane frå dei seriøse aktørane.

Eg kan vanskeleg sjå det annleis enn at Ebbing slår inn opne dører, samtidig som han overser eit par avgjerande poeng.

Naturlegvis er det graduelle overgangar mellom argumentative og strategiske ytringar. Naturlegvis kan konteksten gje ytringar ein strategisk funksjon, trass i subjektive intensjonar hos den som ytrar seg. Og naturlegvis kan intensjonen om å ytre seg argumentativt vise seg å ha umedvitne motiv om sjølvhevding og posisjonering. Gradualisme, fallibilisme, falskt medvit og fornuftas list – alt dette er velkjent. Det er kjent frå sjølvkritisk refleksjon i filosofien og frå kritiske vitskapsstudiar av ymse slag.

Men så er det eit par poeng vi heller ikkje må gløyme: det gjeld forholdet mellom paradigmatisk og gradualistisk bruk av begrep, og det gjeld deltakande versus observerande forhold til spørsmålet om kva som er gode grunnar.

For eksempel: Alt etter konteksten opererer vi med paradigmatiske døme på at folk er sjuke eller friske. Samtidig reknar vi gjerne med at dei fleste av oss er noko midt imellom – litt sjuke og litt friske, alt ettersom. Men slike “blandingstilstandar” forhindrar oss ikkje i å bruke begrepa paradigmatisk. Tvert om, når vi seier at vi er meir eller mindre friske og sjuke, forutset vi visse paradigmatiske tilstandar som desse graduelle tilstandane er graduelle i forhold til. Såleis treng vi både ein paradigmatisk og ein gradualistisk begrepsbruk, og dét jamvel om det kan herske ulike syn på korleis begrepa meir presist bør bestemmast. Ei påminning om faktiske overgangstilstandar, og ei påminning om behovet for ein gradualistisk begrepsbruk, er derfor ikkje eit argument mot ein paradigmatisk begrepsbruk. Dette gjeld også for skiljet mellom å overtale og å overtyde. Dessutan treng vi eit slikt skilje for å kunne tale om gode og mindre gode grunnar. For dersom alt dreiar seg om å overtale, er det korkje rom for gode eller dårlege grunnar, og dermed heller ikkje for å kunne utøve eit kritisk skjønn.

Men så har Ebbing eit anna argument mot dette skiljet. Han spør: “… finst det nokon filosofisk posisjon som med tilstrekkeleg visse kan skilje posørane frå dei som med ope og opplyst sinn berre søkjer krafta i dei betre argument?” Neppe, dersom filosofi blir forstått som eit spørsmål om “posisjonar” og ikkje om arbeidsmåtar, og dersom ein dessutan reknar med at spørsmålet om kva som relativt sett er dårlege argument i ein bestemt diskusjonskontekst kan avgjerast eksternt, ut frå ein “posisjon”, og ikkje ved å forhalde seg til argumenta internt i diskusjonskonteksten. Kva som relativt sett er gode og dårlege argument, kan berre vurderast av folk som på ein eller annan måte opptrer som deltakarar i diskusjonen og ikkje berre som observatørar frå utsida. Og i diskusjonen kan vi som oftast skilje posørane frå dei som søkjer dei betre argument, jamvel om slike vurderingar er feilbarlege.

Kort sagt, vi kjem ikkje unna eit skilje mellom å overtyde ut frå gode grunnar og å overtale i strategisk hensikt; vi kjem ikkje unna pretensjonen om at vi sjølve kan skilje gode frå mindre gode grunnar – og tru meg, som oftast er det ikkje så vanskeleg å skilje dei paradigmatiske posørane frå dei seriøse bidragsytarane!

Ebbing seier at eg ikkje henger bjølla på katten. Sant nok. Men eg vil tru at det heller ikkje er vanskeleg å tenkje seg til kven det kunne gjelde, i dei paradigmatiske tilfella. Ingen er nemnde, og ingen gløymde, som det heiter i festleg lag.

Dette er kortversjonen! Dei som vil gå meg nærare inn på livet, kan kikke på Den filosofiske uroa. Eller dei kan oppdatere seg på den aktuelle debatten, t.d. i den svenskspråklege antologien Striden om sanningen, med bidrag frå Karl-Otto Apel, Jürgen Habermas, Richard Rorty og Albrecht Wellmer. Det er langt å foretrekke framfor å gjenta standpunkt frå diskusjonane med Hans Skjervheim fleire år tilbake. Det er også å foretrekke framfor å gjenta foucaultianske og andre postmodernistiske talemåtar, utan å vere på høgd med den aktuelle debatten.

Gunnar Skirbekk

Professor i filosofi ved Universitetet iBergen

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Debatt