Debatt

På svadatoppen?

Intervjuet i Morgenbladet nr. 41 med Tanzania sin president, Benjamin Mkapa, er avslørande. Det er avisa sin korrespondent, Simen Sætre, som har vore på konferanse i Nederland og møtt Mkapa.

Intervjuet handlar om tilhøvet mellom Tanzania og Noreg, og fortel at landet vårt gjev mykje bistand, men at våre haldningar når det gjeld handel hindrar Tanzania og andre fattige land i å utvikla sitt landbruk, – med tollmurar – slik at dei ikkje får utnytta sine “komparative fortrinn”.

Benjamin Mkapa seier til slutt, om vårt ynskje om å verna om norsk landbruk: “Jeg kan forstå holdningene, men jeg håper likevel at de vil gi muligheter for produkter fra vår del av verden.” Presidenten har tydelegvis ikkje fått med seg at Tanzania kan eksportera landbruksprodukt tollfritt til Noreg. Dørene står opne for deira produkt. Dei har alle “muligheter”. Tanzania høyrer til ei gruppe av 48 fattige land, dei såkalla MUL-landa, som har tollfridom til vårt land. Dei har, for så vidt, eit “komparativt fortrinn”, i og med at dei såleis møter mindre konkurranse frå industrilandbruket i land som USA og Brasil.

Sjølvsagt kan ein ikkje rekna med at ein president har oversikt over slike små detaljar. På internasjonale konferansar er det enklare å snakka generelt om heile verda enn å vera konkret og spesifikk. Når ein snakkar om eit bitte lite land som Noreg, vert det gjerne vagt og svevande. Morgenbladet sin korrespondent prøver heller ikkje å skapa kontakt mellom teori og praksis.

Dette er ikkje uvanleg i “det internasjonale samfunnet”. Retorikk og teori vert stadig meir perfekt, høgt oppe, langt frå kvardagen. “Vi måste lyfta upp problemen, så att dom försvinner!” seier ein svensk sosiolog med bitter ironi, etter 30 års fartstid internasjonalt. Der er, ofte, for mykje generell svada og “gode” forteljingar, og for lite kritisk tenking, realisme og kompetanse.

President Benjamin William Mkapa er mykje betre på heimebane enn i samtale med Simen Sætre. Han heldt ein tale ved landbruksuniversitetet i Tanzania, SUA, 12. april i år. Der er han konkret, og gjev praktiske eksempel på indre vanskar med å få i stand landbrukseksport. Han sa, mellom anna, at i 2003/04 produserte landet berre 41 369 tonn kaffi, mot 48 682 tonn i 1976/77. For sisal (plantefibersort som blant annet brukes til grovt tauverk, red. amn.) er produksjonen i same periode gått ned frå 150 000 tonn til 50 000 tonn. Han kjem også inn på ei rekkje indre tiltak som bør gjennomførast for å styrkja landbruket i Tanzania.

Trygve Refsdal

Agronom

Mer fra Debatt