Debatt

Kven er havren? Kven har bjeller på?

Ærleg tala, K(a) ramasov: det må vere muleg i ein nekrolog å la den rituelle mediekritikken av Vatikanet, Truskongregasjonen og pavedømmet ta ein liten pause. Det ville vore interessant å kome tilbake til ein del av denne kritikken ved eit anna høve. Dei romerske "maktbastionane" må tole kritikk som andre, men denne gongen syntes eg det var viktig å skrive nokre god-ord om ein som verkeleg har utfordra andre maktbastionar, ikkje berre i skrift og tale, men med heile si livshistorie.

Det kunne sikkert finnast meir kritiske nekrologskribentar enn eg, men denne gongen hadde Morgenbladet valt underteikna. For så vidt ikkje så lite sjenerøst å velje ein annan enn sine eigne bukkar til å passe på den pavekritiske havresekken.

Fr. Arnfinn Haram o.p.

Mer fra Debatt