Debatt

Naivitet, pengar og utvikling

Kva om dei rike landa brått bestemmer seg for å bla opp 189 milliardar dollar i året? Vil det føra til mindre fattigdom? Eg tvilar på det.

Maria Reinertsen skriv i siste nummer av Morgenbladet om FNs tusenårsmål for å halvera fattigdomen i verda, bygt på ein studie der kjendisøkonomen Jeffrey Sachs var leiar. Ho konkluderer, treffsikkert, med at reknestykka og listene over alt som må gjerast for å redda verda er "mer naive enn supre". Våre rike land vil neppe vera villige til å betala prislappen, 189 milliardar dollar i året.

Maria Reinertsen burde gått eit langt steg vidare. Kva om dei rike landa brått bestemmer seg for å bla opp 189 milliardar dollar i året? Vil det føra til mindre fattigdom? Eg tvilar på det.

I siste nummer av Foreign Affairs skriv Jeffrey Sachs om tusenårsmålet. Det er skuffande lesnad, om ein er interessert i utviklingsspørsmål. Det er same gamle leksa me har sett i 30 år, og som sjeldan gjev resultat. Det er reknestykke som gjev ei oppramsing av behov, ofte i stor detalj, pluss ei liste over korleis desse behova skal finansierast. Enkelt, enkelt, enkelt. Jeffrey Sachs er spesielt oppteken av USA sitt bidrag, som kan gje landet prestisje.

Dette er ei behovsorientering som er fråkopla den verkelege verda, utan ein analyse av det sentrale og det vanskelege: Kapasitet for gjennomføring og korleis hjelpetiltaka verkar inn på sentrale problemfelt der rik og fattig møtest. Slik som korrupsjon, avhengigheit, sentralisering og at u-landseliten fjernar si merksemd frå sitt eige land og mot det internasjonale samfunnet.

Slike analyser er vanskelege og konfliktfulle, stundom pinlege, men heilt grunnleggande. Dei vert sjeldan eller aldri gjort. Jeffrey Sachs unngår å diskutera slike spørsmål.

Når han skriv om “capacity” så er dette i samband med finansiering på gjevarsida, – som om det skulle vera eit stort problem. Hjå dei fleste bistandsorganisasjonar er det ein ubalanse mellom kompetanse og pengar. For lite kompetanse i høve til pengetilgangen.

Eg trur at om det brått kom på bordet 189 milliardar dollar i året, så ville dei fattige, spesielt på landsbygda, merka lite. Det ville gje ei mengd flyreiser og bilkjøp, oppbygging av byråkrati, auka aktivitet i hovudstadane og ein del fysisk infrastruktur. Kanskje også ein del kapitalflukt til skatteparadis?

Pengar frå IMF og Verdsbanken til Russland etter at muren fall havna nok i skatteparadis, i fylgje revisjonsrapportar frå Price Waterhouse Coopers. Kontrollen er neppe lettare i fjerne og eksotiske land.

Vår tru på at pengar som kjem utanfrå og ovanfrå skapar utvikling er sterkt overvurdert. Ho er klientorientert; – det er behageleg for oss å sjå på oss sjølve som velgjerarar. Det vert relativ færre fattige i verda, heldigvis, men det skuldast i første rekkje dei fattige sin eigeninnsats. Det er arbeid, flid, familiesamhald, oppfinnsomheit, teknologiske framsteg, sosiale reformer og kompetanse som skapar utvikling.

Våre pengar kan stundom vera med på å fremja dette, men kan like gjerne vera problematiske i fattige samfunn.

Jeffrey Sachs er, etter mi meining, altfor pengeorientert, slik blåruss gjerne er.

Mer fra Debatt