Debatt

Lotterisamfunnet

Pyramidespekulasjonar,

badeanlegg, trivselshagar og stadion til milliardar er berre begynnelsen til slutten. Når grådigheitskulturen kollapsar liknar den massegraver med folk i festantrekk eller bermudashorts.

Berre i min kommune brukar innbyggarane 200 000 kvar veke til spel og lotteri. Resten av pengane legg dei att tur/retur Asia og forlangar at styresmaktene skal hente dei heim på flekken kvar gong paradiset vert sprengt i lufta eller søkk i havet. Kvar gong norskingane merkar undergangen på kroppen er dei verdenensmeister i kollekt og avlat. Til helvete med kontinent og kulturar vi ikkje kjenner namnet til.

Det er ikkje synd på statleg og kommunal adminstrasjon. Kor mykje løyver dei for å kanaliserer den enorme private pengestraumen (gjevargleda og skaparlysta) over til felles beste? Berre i Sogn og Fjordane løyver kommunestyra midlar til prestisjebygg som overstig Norsk kulturråd sin samla sum for å skape kultur i heile landet. Liksompolitikar og liksomkunstnar syner seg fram som rikskringkastingsklovn. Dei siste dagars opposisjonelle blir knebla med garantiinntekt og minstepensjon. Regjeringane bondesvik og arbeidersvik har lært veljarane å stole meir på bankranarar enn på byråkratar. Dagsrevyen, halleluja!

Lørdagskvelden må slik som før setjast av til lottotrekning og innsamlingsshow for alle verdensregionar der norskingar er bortkomne.

Søndagskvelden endrar ein tonen frå gråtkvalt pop til strigent klassisk og samlar inn pengar til alle andre verdensborgarar som er ramma av naturkatastrofar. Men for Guds skuld, slepp dei ikkje inn i badelandet Norge!

Fredagskvelden er den seriøse kvelden, deathmetal, jazz og poesi til inntekt for samfunn i krig, ikkje minst til det nye bushfolket som ofrar livet for å legge under seg verden. Ein budsjettsprekk på ein milliard fiksar vi som ingenting så lenge pengane garantert ikkje går til kulturdepartementet.

Torsdagskvelden er det innsamlingsaksjon for norske kommunar. Det er standupartistane sin kveld. Den berre må du få med deg for å sjå korleis det lyser opp i andleta til den lokale hekleforeningen kvar gong dei får tildelt tusen kroner. Skulle det dukke opp ein ny Astrup eller Ibsen innimellom får også dei dekka reiseutgifter tur/retur kjendismarknaden.

Underhaldningsavdelinga markerar mandagskvelden med fem minutt svart skjerm for dei etterlatte til millionar døde i biltrafikken (berre i Kina 90 000 kvart år) og alle som tek sitt eige liv (berre i Kina 280 000 kvart år). Tirsdag og onsdag må vi framleis ta mot til oss og sjølv setje ord på tilværelsen.

Mer fra Debatt