Debatt

Trygve Hegnars milliardar

Alle vil gjerne yta hjelp i den ufattelege katastrofen vi har sett dei siste dagane. Og når avstanden er så stor, synest det å senda pengar å vera det einaste vi kan gjera.

Vi har god råd til det. Med eit oljefond på 1000 milliardar er det lett å yta ein milliard, slik regjeringa går inn for og som Trygve Hegnar ville ti-dobla. Men er meir pengar det vi treng no, når alle land og tusen organisasjonar står i kø med sine millionar og milliardar? Det som er flaskehalsen er lokal kapasitet, lokal forankring, kompetanse og innsikt.

Tv har i mange dagar hatt eit enormt fokus på katastrofen. Det gjer at alle hjelparar vil dit, og då får vi lett koordineringsproblem og stundom kaos. Det fører med seg ein pengebruk som ikkje på nokon måte er kompatibel med ein fattig lokal økonomi. Den gjev ei kortsiktig lindring, men kan gje auka problem på lang sikt.

Vi såg det alt på 1980-talet: tv-bileta frå svolt i den etiopiske provinsen Wollo gjekk over heile verda. Etterpå skulle alle, absolutt alle, til Wollo og Tigray, med 105 forskjellige modellar av køyretøy. Pengar sat laust. Ansvarlege byråkratar i Etiopia freista febrilsk å kanalisera hjelpa også til andre stader, der det fanst ein viss mottakskapasitet, og til meir langsiktige tiltak. For uansvarlege eller pragmatiske byråkratar vart katastrofen ein økonomisk bonanza. Til slutt var det hotellkapasiteten som sa stopp – mange vart sitjande fast på hotell i Addis Abeba, og kom aldri lenger.

Ansvarlege folk hadde åtvara om at katastrofen ville koma. I lang tid. Den gongen hadde ein ikkje knappe to timar på seg, men to månader. Regnet hadde svikta, og dei som var informerte visste at det gjekk mot ei krise. Det var i den perioden ein kunne gjort ein god og effektiv innsats, for små midlar. Hundre gonger meir effektiv enn då krisa var eit faktum og alle skulle dit. Men i denne perioden viste media og verda inga interesse. Bilete av svoltne born har mindre interesse for tv enn bilete av døyande born. Eller born som er så utmagra at dei får varige fysiske eller mentale skadar.

Bak innsatsen ligg vår enkle tru på at pengar lett skapar utvikling i fjerne land. Men vi bør innsjå at ein meir treng kompetanse og lokal innsikt enn pengar. Å bruka pengar med forstand i fattige land er noko av det vanskelegaste vi kan gje oss i kast med. Og ein bør ikkje undervurdera lokale folk si evne til å få orden på sitt eige liv; – vi trur ofte, med vår paternalisme, at all hjelp må koma utanfrå. I Wollo og Tigray stod lokal innsats for hovuddelen av den effektive innsatsen; – Live Aid og det globale publikum for kanskje mellom fem og ti prosent.

Inflatert støtte gjev internasjonal prestisje. Men når kompetansen ikkje står i høve til pengetilgangen, slik det ofte er, kan dette lokalt verta ei ulukke for folk flest. Den lokale økonomien kan verta som eit olje-rush eller eit Klondyke, med ekstrem lokal inflasjon, som går ut over nettopp dei fattigaste. Alle ynskjer å nyta godt av høge løner i internasjonale NGOar, men dette skapar erodert arbeidsmoral i tradisjonelle sektorar.

Ein økonomi med enormt trykk frå det internasjonale samfunnet ser vi i Irak, Kosovo og til dels Afghanistan, med nedslåande resultat. Om det er noko det er nok av i desse landa, så er det pengar. Det gjer nokre få eventyrleg rike og marginaliserer mange fattige, med stor arbeidsløyse. I Afghanistan har prisen på sentrale villaer i Kabul auka tusen gonger dei siste to-tre åra. Det er eit illevarslande feberteikn, – i kjølvatnet av vår innsats.

Sjølvsagt bør vi hjelpa, men det trengst også realisme, sjølvrefleksjon og innsikt. Eg trur at Hegnar og andre økonomar som her sjonglerer med milliardar let seg overstyra av visjonar og overmot, men manglar nettopp realisme.

Mer fra Debatt