Annonse
04:00 - 26. november 2004

Ein gong eg fekk fleire vener i byen

Annonse

“Hvorfor kan du ikke snakke norsk? Har du ikke gått på skole?” Den middelaldrande mannen frå Pakistan såg utfordrande på meg. Eg hadde i oppdrag å snakke til dei fremste innvandrartolkane i austlandsområdet om språk og identitet, denne fine sommarsblanke laurdags ettermiddagen i Hausmannsgate i Oslo. Eg hadde varsamt åtvara forsamlinga om at delar av foredraget mitt ikkje kom til å vere strengt nøytralt og vitskapleg objektivt. Eg hadde likevel lova å ikkje fare beintfram med lygn. Etter ein rask gjennomgang av dei vanskelegaste glosene i mitt landsens tungemål, og med ei forsikring om at bokmålstale frå mi side ville ha blitt ei heller blanda oppleving, fekk eg ei gradvis forståing for å snakke slik eg kunne best.

Irritasjonen hadde likevel ikkje lagt seg heilt på bakarste benk. Ei ung kvinne frå Kurdistan klaga seg i eit litt aggressivt tonefall over at me heldt oss med to skriftmål som var så like. Det var til stor plage for innvandrarane, sa ho. Etter å ha lært seg bokmål, skjøna ho nesten ikkje eit kvekk av det nynorskprofessorane på Blindern sa. Ho måtte gå til det ekstreme steget å reise til VOLDA for å lære seg nynorsk, og eg høyrde forståingsfullt på henne då ho forklarte kor fælt det hadde vore. “Hvorfor må dere ha to språk, når andre greier seg med ett?” spurde ho. “– Fordi me har lyst,” sa eg, og latter frå forsamlinga tydde på at dei trudde eg skjemta. Deretter sa eg meg verkeleg lei for at det var så ugreie språktilhøve i landet vårt, men at det var svært vanskeleg å få byfolka til å gje seg med bokmålet, særleg fordi dei var så mange. Eg bad om orsaking for at me ikkje informerte meir aktivt om språktilhøva våre i utlandet, slik at folk i tide kunne finne seg andre reisemål. Eg fekk stor sympati i salen for dette, og frå den stund var dei snille med meg.

Sympatien velta ikkje mindre varm imot meg då eg kunne fortelje at eg hadde mange vener i byen, og at eg til og med var gift med ei byjente. Eg bad dei om å oppføre seg venleg og med vørdnad mot byfolk og bokmålsfolk, for dei aller fleste var svært greie og snåle, forsikra eg, sjølv om dei ikkje alltid hadde vakre ønske for mitt språk. No ville velviljen frå forsamlinga ingen ende ta, og eg kom ifrå det med både helsa og meir attpå. Dei stressa til og med seminarleiaren med at dei ville ha meg tilbake for å fortelje om det eg ikkje rakk å få med denne gongen. Eg avslutta med å be dei likevel ta ein ekstra god kikk på meg på tampen, sidan eg høyrde til eit utryddingstruga slag, og at me truleg ikkje såg kvarandre att. Dei lova å fortelje andre dei møtte om at dei hadde treft ein som meg.

Kristian Ihle Hanto

Institutt for kultur- og humanistiske fag, HiT

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Debatt