Annonse
04:00 - 10. desember 2004

Innvandring er meir enn økonomi

Annonse

Professor Kjetil Storesletten prøver 26.november i innlegget “innvandring og økonomi” å forklare kvifor arbeidsinnvandring er problematisk, men avslører ei alt for statisk tilnærming til innvandringsdebatten.

Det er interessant det Storesletten skriv om kvar nivået på sysselsetjinga må liggje for at innvandring skal bli økonomisk lønsamt for det offentlege (60 prosent). Ein bør likevel ikkje overanalysere desse tala, for det er mange førehald. Storesletten innrømmer heldigvis problemet med å inkludere flyktningar i innvandrarreknestykket sitt, fordi inntak av flyktningar aldri er meint å vere inntektsbringande. Han innrømmer også at arbeidsdeltakinga varierer frå innvandrargruppe til innvandrargruppe. Likevel konkluderer han bombastisk med at arbeidsinnvandring ikkje vil løne seg i framtida.

Storesletten viser korleis arbeidsdeltakinga blant innvandrarar på 1970-talet sank jo eldre dei blei, og meiner vi i dag står med tom verktøykasse i arbeidet med å få fleire innvandrarar ut i arbeid. Han om det. Noreg har etter mi meining aldri hatt nokon aktiv integrasjonspolitikk. Dei gongane vi snakkar om integrasjon handlar det stort sett om å hindre trikkedrap og tvangsekteskap, ikkje korleis arbeidsdeltakinga blant innvandrarar skal bli større. Hadde ein gjort det ville ein ha oppdaga at det ikkje berre er stor skilnad på arbeidsdeltakinga mellom dei ulike innvandrargruppene, men også mellom kjønna. Det er ofte store gap mellom arbeidsdeltakinga til menn og kvinner. I 2001 var til dømes arbeidsdeltakinga for innvandrarar frå Sri Lanka på 69,7 present for menn og på 51 prosent for kvinner. Etter Storesletten sitt rekneskap vil menn frå Sri Lanka dermed vere “lønsame” for det norske samfunnet, medan kvinnene vil vere “ulønsame”.

Eg trur kvinnene er nøkkelen til ein høgare sysselsetting for ein del innvandrargrupper. Spørsmålet vi må stille oss er: Korleis klarte vi å få slutt på den norske husmortida på femtitalet? Det var iallfall ikkje likegyldigheit og tomme verktøykassar. Kan det tenkjast at økonomiske ordningar som kontantstønaden er med på å halde ein del innvandrarkvinner unna arbeidslivet?

Erfaringane med arbeidsinnvandring på 1970-talet bør lyttast til, men ikkje brukast som argument mot arbeidsinnvandring i dag. Rapporten “Fakta om ti innvandrargrupper i Noreg” (Lie, 2004) viser faktisk at sysselsetjinga har gått opp hjå fleire innvandrargrupper det siste tiåret. Til dømes har antal vietnamesiske arbeidstakarar gått opp frå 27,9 prosent i 1992 til heile 52,9 prosent i 2001. Den største innvandrargruppa, pakistanarar, har rett nok ein mykje lågare sysselsetjingsprosent, men sjølv i denne gruppa ser ein ei positiv utvikling. Ein kan forresten merke seg at pakistanarar har ein høgare andel sjølvstendig næringsdrivande enn folket elles. Denne yrande gründermentaliteten kan gje Noreg store moglegheiter for eit innovativt næringsliv i framtida.

Arbeidsinnvandring er ikkje Unge Venstre si endelege løysing på velferdsstaten sine problem, slik Storesletten påstår. I kronikken “magiske tal i innvandringsdebatten” frå 19. november karakteriserer eg velferdsutfordringa som strukturell, og skreiv følgjande: “Ei strukturell krise må løysast med strukturelle reformer, og denne krisa er i seg sjølv ikkje del av ei grunngjeving for å opne for arbeidsinnvandring”. Eg vil likevel påstå at vi i framtida vil vere avhengig av å få fleire folk til landet vårt for å arbeide. Fleire næringar ville i dag aldri klart seg utan arbeidskraft utanfrå, til dømes fiskerinæringa, og denne trenden kjem til å forsterke seg i tråd med eit aldrande folk.

Det viktigaste argumentet for arbeidsinnvandring er likevel ikkje økonomisk, men snarare at det vil opne ei “ærleg dør” inn til landet vårt. Eg ser på det å kunne reise der ein sjølv vil som ein menneskerett, og den beste måten å få realisert dette på er å opne for ein generell arbeidsinnvandring. Alle som vil, ufaglærte som spesialistar, bør kunne kome fritt til Noreg med tanke på å skaffe seg eller skape ein arbeidsplass. Dersom ein får arbeid i løpet av ein periode på seks månader, så burde ein fått tilbod om å få bli verande utan førehald. Det gjeld å sjå moglegheitene.

Lars-Henrik Michelsen

Leiar i Unge Venstre

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Debatt