Annonse
04:00 - 22. oktober 2004

Tsjernobyl er ingen bløff!

Annonse

I store oppslag tre veker på rad har Morgenbladet formidla at ein stor del av redselen for stråling etter Tsjernobyl-ulukka skuldast skremselspropaganda og radiofobi. Kjelder er FN-komiteen UNSCEAR og to professorar frå Oslo. Rett nok slepp Bellona til med motargument og Per Strand frå Statens Strålevern og ei gruppe frå Amnesty International har fått plass til å påpeike at det er fleire syn på helsekonsekvensane av Tsjernobyl-ulukka. Men samla står desse oppslaga fram som ein utruleg einsidig presentasjon av den største trusselen mot miljø og menneske i vår tid, trusselen frå sivil og militær atomindustri. Denne industrien er på offensiven og treng å reinvaske rykte sitt.

Journalist Sten Inge Jørgensen sin replikk til Bente Aasjord i Dagbladet 13. oktober, der han set UNSCEAR på linje med FNs klimapanel, tyder på at dette er ein kampanje for å støtte atomindustrien. Han påstår nemleg at «dette FN-panelet (UNSCEAR) tross alt representerer det tyngste vitenskapelige miljøet i verden på dette feltet, og at jeg velger å bruke dem som primærkilde slik jeg bruker FNs klimapanel i andre sammenhenger».

Dette er rett og slett feil, og avslører ein grunnleggjande mangel på kunnskap om dei ulike FN-komiteane. FNs klimapanel er ei koordinering av all klimaforsking i verda. Panelet er uavhengig av oljeindustrien og kan fungere som korreks til han. Men UNSCEAR, IAEA og ICRP er knytte til atomindustrien. Eg er difor heilt einig med Bente Aasjord som i Dagbladet sist veke argumenterte for at det trengst eit strålingspanel av same type som klimapanelet.

Etter at USA i 1954 starta eit stort atomvåpenprogram, reagerte FN med å opprette UNSCEAR, som fekk som oppgave å «vurdere og rapportere nivå og effektar av eksponering for ioniserande stråling», og IAEA som fekk som mandat å utvikle fredfull bruk av atomteknologi.

WHO, som også hadde blitt oppretta av FN alt i 1948, blei ikkje konsultert av dei to nye organisasjonane for å utvikle grenseverdiar for radioaktiv stråling. I staden vende både UNSCEAR og IAEA seg til ein NGO, skapt av fysikarane frå Manhattan-prosjektet, kalla ICRP. Deira første prioritet er å verne atomindustrien, og dei hevdar at stråledosane bør vere så små som mogeleg når ein tek omsyn til sosiale og økonomiske faktorar.

Dermed har vi den situasjonen at ICRP, UNSCEAR og IAEA samarbeider med kvarandre og med atomindustrien. I tillegg til dette vart det i 1959 inngått ei avtale mellom WHO og IAEA som gjer at fysikarane i IAEA har kontroll over det medisinarane i WHO publiserer om stråling og helse.

Alt dette har ført til at det er FN-organisasjonane som er knytte til atomindustrien som har evaluert Tsjernobyl-ulukka og ikkje dei helseprofesjonelle i WHO.

WHO prøvde å ta eit initiativ for å få fram sanninga om helsa til Tsjernobyloffera og organiserte ein internasjonal konferanse i Geneve i 1995 med 700 vitskaplege ekspertar og legar. Men IAEA makta å blokkere publiseringa av konferanserapporten.

Organisasjonen «Legane av Tsjernobyl» organiserte ein ny konferanse med same tema i Kiev i 2001. Der la kjende forskarar som Alexey Yablokov, Vasili Nesterenko og Yury Bandazhevsky fram sine siste forskingsresultat om helsetilstanden til folk i dei radioaktive sonene.

Professor Bandazhevsky var rektor ved det medisinske instituttet i Gomel. Etter ni år med forsking oppdaga han at indre stråling frå Cs-137 ved låge dosar førte til skade på vitale organ der Cs-137 konsentrerte seg til høgare nivå enn det gjennomsnittlege kroppsnivået. Skaden på hjarte blir irreversibel etter ei bestemt tid og dose. Brå død på grunn av hjartesvikt vart observert i alle aldrar, også hos barn. Arbeidet hans Caesium cardiomyopathy blir av mange forskarar eg kjenner vurdert som eit vitskapleg arbeid av særs høg kvalitet, verdig ein Nobelpris.

Ein skulle vente at eit slikt forskingsresultat ville føre til internasjonale hjelpeprogram for å skaffe folk i dei radioaktive sonene rein mat, og til at forskarar frå heile verda ville strøyme til for å finne ut meir om dette. Bandazhevsky viste at det er forbode å publisere slikt i Kviterussland, men han sa: «barna våre døyr, eg kan ikkje teie om dette». I juni 2001 vart han dømd til 8 års fengsel og sit no inne. Arbeidet hans vart presentert av ein utanlandsk kollega på konferansen i Kiev. I den endelege rapporten vart ikkje noko teke med av all den nye forskinga som vart lagd fram.

Sjølv om IAEA og UNSCEAR nektar det, blir det i dag påvist ei generell og dramatisk forverring av helsa til folk som bur i dei radioaktivt forureina områda etter Tsjernobyl-ulukka. Mikhail Malko frå Minsk seier det slik: «Det ser ut til at det internasjonale strålingsmiljøet er meir interessert i å berge atomindustrien sitt rykte enn å verne menneska frå effekten av stråling. Dette synleggjer ei krise i det internasjonale strålingsmiljøet, som avviser påliteleg informasjon til fordel for eigne meiningar om kor små dei radiologiske konsekvensane av Tsjernobylulukka er».

Morgenbladet, som er støtta av Fritt Ord, burde heller sett det som ei oppgåve å lage reportasje om ein slik forskar som Bandazhevsky, og stilt kritiske spørsmål til det internasjonale strålingsmiljøet om hans arbeid og lagnad, enn å lage propagandastoff for internasjonal atomindustri.

Eva Fidjestøl

Tidlegare høgskulelektor i fysikk

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Debatt