00:00 - 17. juli 2020

Splitta minnearbeid

Hos franske Nina Bouraoui blir skrifta heimsøkt av minne.

Original: Nina Bouraouis vedvarande utforsking av å kjenne seg framand, i eigen kropp og i verda, legg grunnen for ei original gransking av kjærleik og minne. Foto: Patrice Normand

Nina Bouraoui (f. 1967) er etter kvart blitt eit tilbakevendande namn på nobelprislista over aktuelle kandidatar. Med fransk mor og algerisk far posisjonerer og utvidar ho kartet over verkeleg gode og interessante franske forfattarar med ein fot i Frankrike og ein i Nord-Afrika, som Alice Zeniter, Kamel Daoud og Leïla Slimani. Ei splitta kjensle av fransk-algerisk identitet og tilhøyr er eit gjennomgåande tema i Bouraouis bøker. I ei skrift som tydeleg tilfører sjølvbiografiske element til diktinga, problematiserer forfattaren makt, begjær og undertrykking i ein ofte insisterande, poetisk og assosiativ stil.

Minne og kjærleik. Bouraouis vedvarande utforsking av å kjenne seg framand, i eigen kropp og i verda, legg grunnen for ei original gransking av kjærleik og minne. Ho debuterte i 1991 med romanen La voyeuse interdite (1991). Dei første bøkene er relativt hermetiske og språkleg eksperimenterande litterære univers og kan til dels minne om dei tidlege bøkene til Hanne Ørstavik. Romanane som kom på 00-talet, som i trilogien som består av Garçon manqué (2000), Poupée Bella (2004) og Mes mauvaises pensées (2005), har av Bouraoui sjølv blitt karakterisert som ein serie fiktive sjølvportrett.

Det særeigne ved Bouraouis forfattarskap er korleis skrifta blir heimsøkt av minne og der det fiktive i det sjølvbiografiske, og vice-versa, skaper ein karakteristisk litteraritet. I Sauvage (2011), Beaux Rivages (2016) og i den siste romanen Alle mennesker har en naturgitt trang til å vite (2018), som no er omsett til norsk i Gøril Eldøens utsøkte omsetjing med tittel, held forfattaren fram med å kartlegge korleis Algerie har avleira seg i kropp og sinn, korleis den personlege og den politiske historia lever vidare som sjelelege spor.

Annonse