00:00 - 19. juni 2020

Sundes sørgerender

Ole Robert Sundes prosa er ein pågåande samtale med verda, og den ser aldri ut til å ta slutt.

Frå levra: Med sin prosa skriv Ole Robert Sunde fram ei verkelegheit som viser at det som er sant, ikkje nødvendigvis kjem frå hjarte. Arkivfoto: Ellen Lande Gossner

Ein kan hevde at Ole Robert Sunde er den mest impresjonistiske forfattaren vi har i norsk samtidslitteratur. I bok etter bok har ei særprega høgspent forteljerøyst, gjennom ein massiv straum av inntrykk og ved hjelp av innskotne delsetningar i ein ofte overveldande assosierande syntaks, avdekt ei verd utan ende. I dei to forrige utgivingane, Penelope er syk (2017) og i Jeg føler meg uvel (2019), rotfesta forfattaren med hell den grenselause tankestraumen i skildringar av ei djup sorg over den døde kona.

Årets utgiving, Vomtenker, er femte bok i ein laust samansett serie med prosastykke som starta med All verdens småting (1996). Her tilfører framleis kjensla av tap og død ei tyngd til forfattarens impresjonistiske skrivemåte. Det er likevel til dels eit gjensyn med Sunde i karakteristisk fri syntaktisk trav.

Persisk prosa. Litt av problemet med Sundes prosa er det ornamenterte, det manierte. Dei mange og underlege tankespranga sklir ofte over i ulne assosiasjonsklyngjer og reint jåleri. Det uregjerlege ved Sundes litteratur har likevel til tider sitt for seg, og da særleg i dei to siste romanane. I Penelope er syk brukar forfattaren skrivemåten til å gå utanom den botnlause sorga etter konas død og slik verkar han å beskytte seg mot dei vonde realitetane. I Jeg føler meg uvel går han rakt på, og da særleg rakt på si eiga sjølvsentrerte sorg. Begge bøkene er stilistisk, intellektuelt og emosjonelt engasjerande.

Annonse