00:00 - 05. juni 2020

Koronarapportar frå kammerset

Livet er uføreseieleg, historier frå ei dagbok nødvendigvis ikkje likeså.

Samtidsdokument: Antologien 30 dager i april 2020 går med lyst og løyve tett på ulike menneskers liv og kvardag i koronatida. Foto: Christian Belgaux

Å lese andres dagbøker er å bevege seg inn i ei sone av intimitet der ein kanskje ikkje har lov til å vere og heller ikkje er så glad for å vere. 30 dager i april 2020 går med lyst og løyve tett på ulike menneskers liv og kvardag i koronatida. Alle tekstane har si klare avgrensing der dei ulike bidragsytarane, frå skuleeleven, frisøren, legen og kreftpasienten til etablerte forfattarar, rapporterer frå sin tildelte dag i april. For somme framstår oppdraget, den tronge ramma og den korte fristen, som ei gåve, for andre eit åk.

Lyspunkt. Fornuftig og med hell opnar boka med oppteikningar frå ein kvardag av to markante forfattarar frå ulike generasjonar i den norske samtidslitteraturen, Vigdis Hjorth og Monica Isakstuen. Der redaktør Linn Skåber i forordet legg til grunn ei slags samstemt uro og frykt – «Vi har vært så overrasket, vi har vært så forundret, vi har vært så redde, vi har vært så sammen, så nære. Hver for oss» – er desse to trassige røystene dei første til å motstride ein slik påstått uroens fellesskap i aprildaganes disharmoni.

Det Hjorth er aller mest opptatt av denne første dagen i april, er om ho kjem til å få lån i banken, trass sin noko uoversiktlege personlege økonomi, til å kjøpe seg draumehytta ved havet – og deretter om bodet ho legg inn, blir akseptert. Isakstuen på si side skildrar all den frustrasjonen og aggresjonen som kan oppstå i den vesle, tronge koronabobla med mann, barn og naboar der atter ein dag trugar.

Annonse