00:00 - 03. april 2020

Kunstferdige fluktruter

John Erik Rileys utgravingar og funn viser at livet òg er eit kunstverk. 

Alle foto fra boken «Det jeg var» av John Erik Riley.

«Alt jeg skriver er et forsøk på å forvandle det jeg ikke vil huske», skriv forfattar, forleggar og essayist John Erik Riley ein stad i utgivinga Det jeg var. Ved ei veksling mellom ulike essayistisk og litterære tekst- og tankebrokkar, ei rørsle mellom det kunstferdige, fabulerande, poetiske og groteske, mellom sjølvbiografiske scener og politisk historiske, ved eigne foto og forflytting mellom land (Serbia, USA, Noreg, Bosnia), tematiserer Rileys nye bok menneskelivets stadige forvandlingar.

På same tid har utgivinga noko arkeologisk ved seg i forsøket på møysommeleg å grave fram eit liv, om å samle saman og forme alle tilfeldigheiter og banalitetar som vel kan seiast å vere råmaterialet i dei fleste liv. Rileys utgravingar og funn viser slik sett fram at livet òg er eit kunstverk. Om ein ser litt stort på det.

Scener frå eit liv. Tittelen i seg sjølv – Det jeg var – peiker på eit trekk ved den sjølvbiografiske historia; scener, periodar, hendingar, relasjonar som er tilbakelagt, men som utgjer ikkje berre det ein var, men òg det ein er – utan at det finst noko opplagt svar på kva bit eller bitar av alt dette som veg tyngst. Rileys tar på seg den essayistiske kompilatorens brille og gir seg i veg inn i eit personleg landskap av minne, erfaringar og inntrykk. Han hentar frå sine tidlegare litterære utgivingar, som novellesamlinga Mølleland (2001) og romanen Heimdal, California (2011), viser fram foto frå eigne tidlegare utstillingar som òg er brukt i andre litterære samanhengar eller i samband med musikkutgivingar, og han skildrar scener frå eit ekteskap.

Annonse