00:00 - 27. mars 2020

Sara Stridsbergs kjærleik

Historia om ein psykisk sjuk far peiker på det eksistensielt akutte nett no.

Det frie menneske: Sara Stridsbergs historie om ein psykisk sjuk far kan lesast som ein kamp for å gjere eit menneske fri. Arkivfoto: Knut Egil Wang

Eg trur det var ein tekst i Bokvennen som gjorde meg merksam på kva omsorg som finst i prosaen til Sara Stridsberg. Med dei mange sterke kvinneportretta hadde ho for meg lenge vore sjølve ikonet på korleis svensk litteratur har posisjonert seg med ei tydeleg feministisk tilnærming til samtida og verda. Men ømheita, kjærleiken i Stridsbergs språk hadde eg ikkje tenkt så grundig over, før eg las om når ho besøker faren som er innlagt på det psykiatriske sjukehuset Beckomberga. Ho står i den vakre parken utanfor dei ruvande bygningane i den brennande sola og kjenner blikka frå dei innlagde – «barndommens sol under vilken det aldrig går att gömma sig.»

I notid, der Stridsberg sit og skriv i Stockholm, er det snø, og ho skaper nye rekker av bilde, assosierer vidare, til den frosne og redde mannen og guten i Cormac McCarthys The Road for så å gi oss det kanskje finaste bildet; av litteraturen som ei imaginær sol eller eit asyl for dei som ikkje har nokon plass i verda, for alt det vi ikkje kan gi ly til utanfor litteraturen. Stridsberg avrundar slik, med referanse til den franske forfattaren Nina Bouraoui: «Och kanske är det enda skälet till att skriva en bok förhoppningen om att någon en dag ska hålla den i sin hand, dvs. hålla dig i sin hand, bära dig med sig gjennom världen. Den franska författaren Nina Bouraoui skriver: Kanske är det därför jag började skriva böcker en gång, för att jag ville att du skulle hålla i mig för alltid.»

Annonse