Annonse
00:00 - 28. februar 2020

Å sjå etter vårteikn

 I Vår briljerer Ali Smith med den særeigne etiske tankekrafta si.

Inn i sin tid: Ali Smiths språklege leik blir ein demokratisk, solidarisk og etisk grammatikk som stiller kritiske spørsmål om historie, samtid og framtid. Foto: Felicity McCabe / Contour /Getty Images
Annonse

Alle historier har ei anna historie i lomma. Det finst alltid ei forteljing til. Særleg om ein les bøkene til skotske Ali Smith. No er forfattaren aktuell med den tredje boka i ein årstidskvartett.

Like etter folkerøystinga om Storbritannias medlemsskap i EU i 2016 ga Smith ut Haust, som skildrar eit splitta folk ute av stand til å forstå kvarandre. Med scene frå eit juleselskap i herskapleg hus i Cornwall i det sørvestlege England held ho i Vinter, som kom ut året etter, fram med å analysere samfunnet i ein postbrexitatmosfære. I den aktuelle Vår finst det eit karakteristisk etisk medvit saman med nokre av Smiths karakteristiske litterære kvalitetar; smart og fantasirik språkglede, fiffig litterær form og eit råkande blikk på det politiske landskapet nett no. Vår er ei skarp, mørk og håpefull historie om moglege vårteikn i ei politisk turbulent samtid og er Ali Smith på sitt ypparste.

Annonse