00:00 - 21. februar 2020

Anne-Cath. Vestly var magi

Kvifor appellerer denne familien med åtte små, to store og ein lastebil til mine barn med ein familie på tre små, to store og ein elbil, spør Olaug Nilssen.

Hele Norges mormor: I Mormor og de åtte ungene i byen fra 1977, den første av tre filmer basert på bokserien ved samme navn, spiller Anne-Cath. Vestly selv mormor. Foto: SF Studios

Ein skal lese for barna sine. Dette lærer vi på helsestasjonen, og dette lærer vi dersom vi les tilknytingsteori. Mor og far skal sitje med barnet i armkroken, og lese høgt. Om ein skal oppnå ei trygg tilknyting mellom foreldre og barn, som i sin tur vil resultere i at barnet som vaksen har eit godt mentalt mønster å overføre til sine venner og partnarar, må ein by på tilstrekkeleg kontakt, både kva gjeld stemme, kropp og blikk. Å lese høgt for barna er ein enkel og grei måte å oppnå dette på, og like enkelt og greitt blir du samstundes sett i høgsetet og på pidestall av dei små.

Når det gjeld Anne-Cath. Vestly, er eg villig til å avvike frå denne regelen. Mor og far kan ha så varme armkrokar og trygge fang som dei berre vil. Uansett kor godt dei les, så matchar dei ikkje lyden av mormorstemma til Anne-Cath. Vestly. Så latterleg lett tilgjengeleg på internett, eit tastetrykk unna. Eg kan ha dårleg samvit for mykje som mor, men når det gjeld det å legge frå seg mobilen inne på barnas soverom og la dei høyre på Mormor og de åtte ungene medan eg sjølv går for å brette klede (ein kan ikkje spele Candy Crush når ein ikkje har mobilen sin), er ikkje noko eg skammar meg over.

Rett nok kan eg bli irritert dersom barna føretrekker Anne-Cath. Vestly framfor meg, eller framfor nyare norsk barnelitteratur, som eg helst vil lese for dei, solidarisk som eg er med mine forfattarkollegaer. Dessutan er eg tru mot ideen om at kvar tid treng sine eigne forklaringsmodellar, og at dette gjeld både forsking, politikk og skjønnlitteratur for barn. Kva kan eigentleg Anne-Cath. Vestly bidra med for barn i dag, som ikkje Kari Stai og Maria Parr gjer betre?

Annonse