Annonse
00:00 - 31. januar 2020

Sjablongar av liv

Britiske Deborah Levy prøver å kle platte intriger med vidd og stil.

Intrigemaker: Den prislønna forfattaren Deborah Levy stadfestar med sin nye roman ikkje stort anna enn at ein aldri kan vere garantert god litteratur same kor mykje ein er lang- og kortlista til prestisjetunge litterære prisar. HENRIK MONTGOMERY / TT
Annonse

I britiske Deborah Levys roman Svømme hjem, som var på kortlista til Man Booker-prisen i 2012 da den originalt kom ut, er den framande det drivande elementet. Ein britisk familie på tre skal tilbringe sommaren i ein liten landsby i Sør-Frankrike. Mannen er ein kjent poet, kona krigsreporter og dottera på full fart inn i dei kompliserte tenåra. Når dei kjem fram til huset dei har leigd, oppdagar dei ei ung, naken kvinne i svømmebassenget som høyrer til sommarhuset.

Slik er scenen sett for alle mogelege potensielle konfliktar når ein middelklassefamilie berre skal hygge seg på ferie i nærleiken av Cote d’Azur.

«Bevinga» litteratur. Ekteskapet mellom poeten og krigsreportaren skrantar. Den unge kvinna i svømmebassenget, Kitty Finch, blir invitert til å bli buande så lenge ho treng. Ho har òg skrive eit dikt, «Svømme hjem», som ho så inderleg ønskjer at den kjende poeten skal lese. Dette skaper ei til dels verksam uvisse kring det tilfeldige eller det planlagde ved kvifor og korleis den framande dukkar opp. At ungjenta skal sette fart i små og store konfliktar, er det ingen grunn til å tvile på.

Annonse