Annonse
00:00 - 20. desember 2019

Skremmande klarsyn

Det sterkaste ved Naja Marie Aidts Poesibok er kjensla av poesiens farlege vesen

Poetisk klarsyn: «En flik av framtiden blir synlig i et kort mystisk øyeblikk», skriver Naja Marie Aidt. Foto: Weegee (Arthur Fellig) / International Center of Photography / Getty Images
Annonse

Eg hugsar at det gjorde sterkt inntrykk på meg da eg på nytt høyrde eit portrettintervju med Jan Roar Leikvoll i NRKs Bokprogrammet gjort av Ninja Benneche i 2012, to år før forfattaren brått døydde av akutt hjartesvikt. Innsiktsfullt snakka han om døden og kor audmjuk han kjende seg overfor livet. Ei kjensle av illevarslende innsikt får eg òg når eg les danske Naja Maire Aidst Poesibok frå 2008, no omsett til norsk.

Poetisk presisjon. For det er i Poesibok Aidt skriv om døden på denne måten: «Har døden tatt noe fra deg/ så gi det tilbake/ gi dét tilbake/som du fikk av den døde/da den døde var levende/da den døde var ditt hjerte/gi det tilbake til en rose/et kontinent, en vinterdag/en gutt som ser deg an/fra hettens mørke.» I 2017 gav Aidt ut boka med tittel henta frå dei to første strofene i dette diktet, ein rasande klagesong over sonen som døydde berre 25 år gammal. I denne avisa skreiv Bernhard Ellefsen at den var ei av dei beste bøkene om sorg skrive på noko skandinavisk språk. Det er ei vurdering det er lett å slutte seg til.

Poesibok kom ut same året som forfattaren mottok Nordisk råds litteraturpris for novellesamlinga Bavian. Novellene i denne samlinga ber preg av eit trugande kaos, noko overspent, ein sort galskap. Poesibok på si side plasserer seg ikkje berre med henblikk på tittel, men òg i skrivemåte og stemning tett inntil boka om tapet av sonen, Har døden tatt noe fra deg så gi det tilbake. Ved å gå i dialog med, og slik skape ein større fellesskap med andre forfattarar som har skildra tap og sorg – frå Stéphane Mallarmé, Jacques Roubaud, Emily Dickinson, Anne Carson til Nick Cave – blir boka meir open og fleirstemt, men som i Poesibok er Aidts evne til abstraksjon og presisjon likefull merkbart til stades.

ALLEREDE ABONNENT?
Fra 189 kr på første termin
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse