Annonse
08:09 - 05. desember 2019

Forfallshistorie med dunkande puls

Nicolas Mathieu skriv seg inn i tradisjonen etter både Gustave Flaubert og Émile Zola.

Vann pris: Nicolas Mathieu omkransa av presse i Paris etter at han mottok Frankrikes høgste litterære pris, Prix Goncourt, i fjor haust. Foto: Michel Stoupak / NurPhoto / Getty Images
Annonse

Skjul artikkelboard

Med ei nøktern skildring av verkelegheitas brutale realitetar i eit djupt klassedelt samfunn, skriv Nicolas Mathieu seg inn i tradisjonen etter både Gustave Flaubert og Émile Zola. Scenen i Og Slik er det også med deres barn, som forfattaren mottok Goncourtprisen for i fjor, er lagt til ein industriby i det austlege Frankrike. Fabrikkar er lagt ned og hovudpersonane i romanen, ei gruppe tenåringar, festar og prøver å finne fotfeste. I bagasjen har de ei arbeidarhistorie som dei ikkje identifiserer seg med og staden der dei bur, verkar altfor langt vekke frå storbyen.

Kulturell adventskalender

Hver dag før jul velger Morgenbladets kritikere ut ett kulturelt høydepunkt fra året som er gått. 

5. desember: Nicolas Mathieu. Og slik er det også med deres barn, Gyldendal, 2019. Oversatt av Henninge M. Solberg.

Ungdommane står i spagaten mellom keisemd og arbeidsløyse, mellom sinne og resignasjon og slik viser romanen fram nokre av dei sosiale og politiske føresetnadene for dei gule vestane. Mathieu skildrar til dømes kva friksjon, frustrasjon og misforståingar som kan oppstå på grunn av klasseskilje på landsbygda. Gnissing – og begjær – oppstår særleg mellom to av ungdommane i romanen, han frå arbeidarfamilie, ho frå den avdanka industribyens middelklasse. Å reise, å forlate ein oppvekst og eit miljø som ikkje kan oppfylle draumane dine, er eit sentralt motiv i romanen. Men det finst òg dei som berre kan gløyme å drøyme om eit anna liv.

Mathieus skjønnlitterære realisme frå industrialismens fall er ikkje berre ei forfallshistorie. Den er òg ein herleg dunkande puls i framstillinga av ungdommars heftige begjær og draumar, omsett til norsk med språkleg finkjensle ved Henninge M. Solberg. Slik femner Nicolas Mathieus råkande kart over eit ruralt Frankrike vidt.

Morgenbladets adventskalender 2019

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Vi har inntil 50 prosent rabatt for nye abonnenter. Bli abonnent
Annonse