Annonse
00:00 - 08. november 2019

Skrivingas tankespor

I Merethe Lindstrøms litteratur blir det meir og meir tydeleg at å skrive er ein måte å tenke på.

Foto: H. Armstrong Roberts / Getty Images H. Armstrong Roberts/ClassicStoc
Annonse

Da Merethe Lindstrøm i 2017 gav ut romanen Nord, knytte ho klimaproblematikk, krig og menneske på flukt tett til ei meir overordna tematisering av rotløyse og heimlengt. Den gongen skreiv forfattaren seg for langt inn i ein ullen krigsmystikk til verkeleg å engasjere. Haustens roman er derimot Lindstrøm på sitt mest litterært og intellektuelt raffinerte. Gjennom historia om tre generasjonar kvinner, skildrar ho perspektivrikt lengt etter tilhøyr og vilje til fridom.

Folder av tid. Ho som skriv, som har forskansa seg i arbeidsrommet sitt i eit hus i ein liten engelsk landsby, ønskjer å få bygd eit fuglerom, ein volier. Denne berande metaforen i romanen femner vidt; frå å spegle fellesskap og tiltrekking til å peike på alt det som stenger og skaper avstand. Fuglane fungerer òg som ein slags tekstens poetikk: «I teksten er tankene som fuglene i volieren, noen ganger stille, noen ganger spredt før de samles igjen, konsentrerer seg, lytter.»

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse