Annonse
00:00 - 01. november 2019

Milde bekkefar

Bjørn Arild Ersland lèt ei harmonisert uro vege tyngst i skildringa av døden ved ein hemmeleg bekk.

Urolig bekk: «Innimellom er det helt mørkt. Jeg innbiller meg at jeg hører plaskingen fra en åre», skriv Bjørn Arild Ersland. Arkivfoto: Camilla Alexandra Lie
Annonse

Med bøker om mellom anna gauken, om å sitte i fengsel og om moderne fiskeri, har Bjørn Arild Ersland særleg posisjonert seg innan sjangeren sakprosa for barn og unge. Når forfattaren no er ute med sin tredje roman for vaksne, er det i ein prosa med ei markant finkjensle for det barnesinnet og det barnlege blikket på verda.

Detaljert uro. Forteljinga konsentrerer seg om eitt barndomsminne; dagen da tre gutar held på med å bygge ein sivbåt og den eine av gutane forsvinn, for alltid. Erslands litterære grep er å la kvardagslege detaljar vere krafta og framdrifta i portrettet av den unge eg-forteljaren som mest av alt ønskjer at alt berre skal vere som før. For guten vil eigentleg ikkje vere med å bygge sivbåten, og han vil i alle fall ikkje vere med ut på fjorden med ein uferdig båt laga av gras. Likevel er det umogleg å seie det til dei to kameratane, at han berre vil heim til hagen, til faren, farfaren og mora.

Ved å konsentrere seg om små, til dels vage og like fullt lagnadstunge scener, løfter Ersland fint fram eg-forteljarens vakling og aukande skuldkjensle: «Jeg sitter helt stille og ser den gule skyggen når han kravler over fyllinga og blir borte i sivet. Skyene driver over himmelen. Månen speiler seg i fjorden. Innimellom er det helt mørkt. Jeg innbiller meg at jeg hører plaskingen fra en åre, at jeg ser skyggen av Jan i månelyset ute på fjorden. Men ingen av de tingene kan jeg si helt sikkert. Båten er ikke ferdig. Jan vet at han ikke kan dra ut i mørket.»

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse