Annonse
00:00 - 29. november 2019

I sorgas hòl

Ole Robert Sunde går langt i å skildre ei sjølvsentrert sorg. Med stort litterært hell.

I sorg: Ole Robert Sundes høgspente og endelause impresjonisme kommer til sin fulle rett i Jeg føler meg uvel. Foto: Tine Poppe / Gyldendal
Annonse

Ole Robert Sunde blir både dyrka og kritisert for sin karakteristiske skrivemåte. Innskotne delsetningar og ein massiv straum av inntrykk får sitt utløp og uttrykk i ein ofte overveldande assosierande syntaks. Når forfattaren først i Penelope er syk (2017) og no med den aktuelle Jeg føler meg uvel bruker eit høgspent medvit og ei sterk innbildningskraft i skildringar av død og sorg, får den grenselause impresjonistiske stilen ei tyngd som gjer Sundes prosa godt.

Konas lettheit. Eg er av dei som har halde Ole Robert Sundes prosa på ein armlengds avstand på grunn av skrivemåten. Eg har meint at dei mange og underlege tankespranga ofte sklir over i ulne assosiasjonsklyngjer og reint jåleri. Da eg las Sundes essaysamling Verden uten ende (2014), kom eg likevel fram til at forvirringa engasjerte meg nettopp når han trekte inn kona si i essayistikken. Der blei forfattaren ofte tekstleg lettare og meir morosam. Som når han i leksikalform skriv om skuldervesker i teksten «Definisjonar» (opphavleg på trykk i Cappelens forslags konversasjonsleksikon, 2014), og spesifiserer det med konas dropeforma lêrveske.

I Penelope er syk tar romanen sats ved forfattaren som går ut på ein spasertur for å kjøpe sushi og brød. Vandringa opp og ned Thereses gate i Oslo fyller sidene, da med alle inntrykka, møta og assosiasjonane det medfører. Det er som om alle forhindringane, avbrota, forseinkingane er med på å verne han mot realitetane; at kona ligg heime og er alvorleg sjuk. Slik blir alvoret og sorga i romanen enda meir gripande.

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse