Annonse
00:00 - 16. mai 2019

Unge franske forfattarar meiner ei uhyrlig tid må møtast med ein uhyrleg romankunst, skriv Margunn Vikingstad.

Unge franske forfattarar meiner vi treng uhyrleg romankunst, skriv Margunn Vikingstad.

Form og språk: Journalist, forfattar og omsetjar Denis Michelis gjer litterært nybrottsarbeid. Foto: Benjamin Colombel
Annonse

For eit par år tilbake blei det hevda at den sjølvbiografiske romanen, eller autofiksjon som det blir kalla i Frankrike, var død. Det som no gjaldt i fransk samtidslitteratur var «exofiksjon». Franske forfattarar var ikkje lenger interessert i å skrive om seg og sitt eller om romanpersonar med same namn som dei sjølve. Tida var inne for ei skrift som set i scene den personlege historia til ein historisk person.

Denne tendensanalysen blei lansert like i forkant av at Éric Vuillard (f. 1968) gav ut romanen L´ordre du jour (Dagsordenen) i 2017, og deretter mottok den viktige franske litteraturprisen Prix Goncourt for utgivinga. Midtpunktet i boka er ikkje ein person, men to sentrale hendingar på 1930-talet som la grunnen for nazismens vekst og Hitlers makt. Slik styrka Vuillards bok påstand om exofiksjonens framvekst.

Historiske personar og historiske hendingar har sjølvsagt aldri slept taket i samtidslitteraturen. Det er berre å sjå til kor synleg til dømes andre verdskrigen og kolonihistorie er i fransk samtidslitteratur – ei interesse òg blant unge som sjølv ikkje har erfart verken okkupasjon eller Frankrikes brutale framferd som koloni- og stormakt.

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse