Annonse
00:00 - 24. mai 2019

Noregsaktuelle Nicolas Mathieu skildrar føresetnadene for dei gule vestane, skriv Margunn Vikingstad.

Nicolas Mathieu skildrar føresetnadene for dei gule vestane, skriv Margunn Vikingstad.

Noregsaktuell: Tenåringane i Nicolas Mathieus «Og slik er det også med deres barn» står i spagaten mellom keisemd og arbeidsløyse, mellom sinne og resignasjon, og romanen skildrar dei sosiale og politiske føresetnadene for dei gule vestane. Foto: Bertrand Jamot / Gyldendal Bertrand Jamot / Gyldendal
Annonse

Dei mest synlege motpolane i den yngre franske samtidslitteraturen har vore forfattarar som vil dyrke den sjølvbiografiske romanen, og andre igjen som vil bort frå det notidige sjølvet, til historiske personar og hendingar. Atter andre meiner tida treng ein uhyrleg romankunst for å gå ei uhyrleg tid i møte.

Fjorårets mottakar av Goncourtprisen, Nicolas Mathieu (f. 1978) og romanen Leurs enfants après eux – som no er ute på norsk i Henninge Margrethe Solbergs veldig gode omsetjing med tittel Og slik er det også med deres barn – følgjer på si side i kjølvatnet av Gustave Flauberts (1821–1880) realistiske skildringar for å gi eit aktuelt portrett av eit klassedelt Frankrike.

«Emmanuel Macron bør lese denne boka» var meldinga frå ein av jurymedlemene i Académie Goncourt, Virginie Despentes, som sjølv har gjort stor suksess både i heimlandet og her til lands med trilogien Vernon Subutex. Mathieus roman kan lesast som eit portrett over eit ruralt Frankrike som snart ikkje finst på kartet lenger.

ALLEREDE ABONNENT?
Begrenset sommertilbud
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse