Annonse
00:00 - 10. mai 2019

Kolonihistorie er ei viktig drivkraft i ein lysande sterk, fransk samtidslitteratur, skriv Margunn Vikingstad.

Kolonihistorie er ei viktig drivkraft i ein lysande sterk, fransk samtidslitteratur, skriv Margunn Vikingstad.

Barrikadeuka: Frigjeringskampen mellom Algerie og Frankrike varte i sju år. Her frå ein barrikade i Alger i 1960. Foto: Reporters associes / Gamma-Keystone / Getty Images
Annonse

Fortid kan på ulike måtar hindre ein i å få auge på både notid og framtid. Skjønnlitteratur på si side kan fungere som og vere eit heilt nødvendig minnearbeid. Fleire aktuelle franske forfattarar gjer den mørke kolonihistoria til en politisk og litterær kjelde til refleksjon. Hos eit sentralt knippe av dei blir dei historiske erfaringane til sjelelege spor.

I 1954 leia den algeriske hæren FNL (Front de Libération Nationale) eit opprør som blei starten på den sju år lange frigjeringskrigen mellom Algerie og Frankrike. Da den franske presidenten François Hollande besøkte Algerie i 2012, erkjende han at den 132 år lange okkupasjonen av Algerie var urettferdig og brutal, men det kom inga orsaking. Den franske kolonihistoria er nettopp historie, men om ein ser til fransk samtidslitteratur, viser den at såra framleis ligg opne.

Nina Bouraoui (f. 1967) har med sine til no femten romanar posisjonert seg som ein særeigen og formsterk forfattar i den franske samtidslitteraturen. Bouraoui er halvt algerisk og halvt fransk. Band og konfliktar mellom dei to nasjonane og kulturane er sentrale tematiske element i bøkene hennar. I dei seinare romanane blandar ho sjølvbiografi med fri dikting i eit ofte vibrerande, insisterande og poetisk språk. Denne blandinga er ikkje berre med på å løfte personlege erfaringar ut i ei større verd. Den legg òg grunnen for ei original utforsking av kjærleik i skrift.

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse