Annonse
00:05 - 05. april 2019

Vilje til vondskap

I Kaspar Colling Nielsens dystopiske verd er mennesket tvinga til å finne seg sjølv opp på nytt.

Blikk for det vonde: Kaspar Colling Nielsen er blitt omtalt som Danmarks svar på Michel Houellebecq. Foto: Territorium / Cappelen Damm
Annonse

I 2013 gjekk forfattaren som er blitt omtalt som Danmarks svar på Michel Houellebecq, langt i å skildre menneskets anlegg for underkastelse, ikkje i møte med religion, men overfor makt og pengar. I Den danske borgerkrig 2018–24 dreidde det seg om finanskrise og eit valdeleg venstrepopulistisk opprør. I Den europeiske våren, til norsk ved Kyrre Andreassen, held forfattaren fram med å undersøkje følgjene av eit mogleg samanbrot av vestens humanistiske ideal.

Fandens Paradis. Som sin franske kollega utviser Kaspar Colling Nielsen liten berøringsangst med menneskets anlegg for det vonde i skildringa av eit samfunn som parar avansert teknologi med brun bonderomantikk. Eit slags idealsamfunn for rike borgarar blir etablert i Nakskov på Lolland der innbyggjarane kan nyte lokale råvarer på den lokale Michelin-restauranten, spasere i den danske skov, og på sitt skrudde vis yte etter evne og få etter behov, da pengar ikkje er problemet og naud ikkje finst.

Dyktige forskarar trekker til Lolland for å delta i avansert forsking på kunstig intelligens. Òg kjende kunstnarar flyttar dit, som den storseljande og til dels radikale og no aldrande kunstnaren Christian. Han kjem saman med den psykisk utvikla, og truleg òg mindreårige, kjærasten sin for i fred og ro å kunne dyrke kunstnarleg — og seksuell — aktivitet som ikkje er heilt innanfor i det danske storsamfunnet.

ALLEREDE ABONNENT?
Begrenset sommertilbud
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse