00:00 - 12. april 2019

I alkoholens rike

Ein blir skikkeleg utørst av Martin Svedmans dikt.

I nøktern og forteljande form kartlegg og skildrar diktsamlingas eg, Henrik, talentet sitt for drikkingas ekstase og einsemd. Foto: © Thorfinn Bekkelund / Samfoto /NTB scanpix

Lik ein Pentti Saarikoski stupar Martin Svedman inn i den litterære offentlegheita med ei utgiving som tematisk dunstar av sprit.

Skildringar av begjær etter og herjingar av alkohol hos den kanoniserte finske lyrikaren finst berre i prosaform på norsk (mellom anna i boka Brev til min kone, og i Saarikoskis fjerde kone Mia Berners PS). Eg innbiller meg likevel at det er ein sort slektskap mellom debutant Svedmans korte dikt om alkoholens sug og sorger og Saarikoskis rebelske forfattarskap.

Varm og kald. Det er ikkje ein ustyrleg og støyande tone som pregar Svedmans debut. I nøktern og forteljande form kartlegg og skildrar diktsamlingas eg, Henrik, talentet sitt for drikkingas ekstase og einsemd. For det er både varmt og kaldt i alkoholens rike. Utgivingas grunntone er da òg ei veksling mellom ei ro og ein kime til uro, noko lesaren møter allereie i bokas dikt nummer to: «jeg bodde i et varmt / stort hust / som klirret.»

Annonse