Annonse
00:00 - 08. februar 2019

Med taktfaste tak

Lukta av klor er ein innsiktsfull debut om symjing som kjelde til bløming.

Vatn reddar liv: I Kaja Kvernbakkens Lukta av klor blir symjetrenginga er konkret og mental redningsplanke. Foto: Daniel Hjorth / Ritzau Scanpix
Annonse

At ikkje fleire forfattarar brukar vatn som ein berande metafor i skjønnlitteratur, er nesten underleg. Frå vatn er vi kome og til ein klote kjem vi der storparten av overflata er dekt av vatn. Vatn kan vere kjelde til begjær, fungere som bilde på mentale dønningar og brottsjø, og havet er sjølve navet i klimasystemet – om ein koplar skjønnlitteraturen, slik fleire samtidsforfattarar gjer, til ein av samtidas største utfordringar; klimaendringar.

Berande paradoks. I samtidslitteraturens litterære sakprosa posisjonerer og framstiller både Morten Strøksnes med Havboka og Per Anders Todal med Havlandet dette store, djupe og heilt livsviktige elementet høgst levande. Vatn og hav står på ulike og tematisk berande måtar òg sentralt i debutant Kaja Kvernbakkens roman Lukta av klor, om enn ikkje i eit historisk, mytologisk eller vitskapeleg perspektiv. I den unge jenta Minas kvardag saman med veslebror og far, blir symjetrenginga er konkret og mental redningsplanke. På same tid speglar havet noko mørkt og trykkande i farens historie: «Jordas overflate består av 71 % vann, men det er kun 1,27 promille av jordas totale volum. Det største havdypet er i Challengerdypet i Marianergropen. 11 034 meter under havoverflata. Det har vært folk helt der nede, i bunnen av Marianergropen. Det dypeste pappa har vært på, er 164 meter.»

Faren har vore metningsdykkar, dykkar på djupvatn, i Nordsjøen. Den vesle familien på tre har flytta nordover og Mina er med i ein symjetrupp med middels ambisjonar. Det kjem ein ny trenar til staden og Minas talent blir forstått, sett og dyrka fram. Slik sjonglerer forfattaren fint med vatn som motstridande bilde ved at svømming og dykking fungerer som motpolar, det eine gir, det andre tar.

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse