00:00 - 19. oktober 2018

Som du ser det

Anne Oterholm skriv litteratur som skjerpar blikket, anten ein likar det eller ikkje.

Urovekkande portrett: Anne Oterholm skriv gjerne om menneske som forskansar seg i møte med andre. Den unge livsløgnaren Oliver som trekk seg unna til Sør-Frankrike i årets roman, er ikkje noko unntak. Foto: Francois Le Diascorn / Gamma-Rapho / Getty Images

I eit intervju i Morgenbladet for nokre veker sidan sa Trude Marstein at alle bøkene hennar kunne hatt ein og same tittel: «Samvittighet». Om ein skulle ha gjort same øving på forfattarskapen til Anne Oterholm, kunne det lett ha blitt «Sanning» eller «Løgn». I haustens roman frå Oterholm tar forfattaren løgnen ut til ei ytste grense.

Tildekte sanningar. Løgnhals er eit ubehageleg og utleverande portrett av ein ung mann som forvilla livsnytar og livsløgnar. Han forlèt studiar og kjæraste og reiser til Sør-Frankrike. Han et lite, tenker mykje, drikk øl, gamer litt og ser på damer. Han møter ei jente på stranda og avtaler raskt ein date. For Oliver tar alltid grep, skal ein tru hovudpersonen sjølv. Spørsmålet er berre kor sant det er alt det Oliver kjem fram til og forfektar i romanen.

Oterholms prosa dyrkar psykologiske overflater og språklege banalitetar. I debuten frå 1995, Ikke noe annet enn det du vil, gir ho stemme til ein eg-forteljar som med eit konsentrert, men òg svært avgrensa blikk, observerer ei kvinne. Det slåande er ikkje berre kor form- og stilsterk debuten er, men òg kor tett både i perspektiv, skrivemåte og tematikk den plasserer seg inntil Oterholms følgjande bøker, heilt fram til haustens Løgnhals.

Annonse