Annonse
00:00 - 12. oktober 2018

Prostitusjon mot keisemd

Marita Fossums Singularitet føyer seg inn i rekka av eksempel på god eksistensiell humor i samtidslitteraturen, men kunne med fordel ha blottlagt meir av det ibuande alvoret sitt.

Foto: Historical Picture Archive/Corbis/Getty Images
Annonse

Samtidslitteraturen så vel som litteraturhistoria er befolka av lagnadar prega av utanforskap. Kva så med det store ubehaget ved å vere på den skikkelege og trygge innsida? Ofte framstår det kulturelle og eksistensielle ubehaget ved innanforskap og utanforskap som to sider av same sak, som når Erlend Loes Doppler rømmer til skogs – eller opprørsk vender tilbake for på sin måte å få slutt på verda slik vi kjenner den.

Det kan likevel lett bli nok eit bevis på kor privilegerte vi er, når ei einsam sjel stiller seg på sidelinja med sine etiske refleksjonar over kva ansvar ein har overfor samfunnet.

Humorfull. Så òg med prosjektet til hovudpersonen i Marita Fossums nye roman Singularitet. «Jeg skal selvmarginalisere meg, sa jeg, det er et dels filosofisk, dels politisk, dels religiøst prosjekt. Hvorfor skal jeg ha det trygt når andre frykter for sitt liv?» I ein sort aktiv empati skal ho utfordre eit tilvære der ingenting står på spel, ved å prostituere seg. Valet med å bryte med normer for tilsynelatande oppegåande og ressurssterk åtferd har sin parallell ikkje berre i Loes antiheltar, men òg i korleis Marit Eikemo og Vigdis Hjorth – eller for så vidt den mindre kjende Birgit Alm – på ulike måtar og frå ulike vinklar pirkar borti spissborgarens materielle og kapitalistiske utfolding i ei norsk samtid.

Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.