Annonse
00:00 - 13. juli 2018

Det vi tenkjer på når vi tenkjer på å skrive fotballbøker

Det einaste genuint overraskande med filosofiprofessor Simon Critchleys fotballbok er kor lite overraskande ho er.

52 years of hurt: England-spiss Geoff Hurst jublar etter vinnarmålet mot Argentina i kvartfinalen i VM på heimebane i 1966. England vann meisterskapet. Det gjer dei ikkje i år. Heller. Foto: Central Press / Getty Images
Annonse

Då eg vaks opp på 1980-talet, var eg ein ivrig lesar av Donald Duck & Co. I eit Donald-blad frå denne perioden stod å lese ei forteljing som tek utgangspunkt i at den sosiale strevaren Dolly er invitert i eit fasjonabelt selskap kor mange fine intellektuelle òg skal vere til stades. Dolly er bekymra for at hennar kavaler, Donald, skal bringe skam over henne ved å framsyne sin låge kulturelle kapital, og forbyr han difor å sjå på idrett av noko slag i vekene fram mot selskapet, slik at han ikkje skal falle for freistinga å bringe slikt eit tarveleg emne på banen. 

Når selskapet omsider går av stabelen, viser det seg derimot at dei tilstadeverande professorane og forfattarane er lidenskapeleg opptekne av idrett, og når Donald er ute av stand til å bidra i samtalen om den seinare tids Andeby-kampar og andre idrettstevlingar, konkluderer dei med at han er ein kunnskapslaus, grunn og keisam person, og vender han ryggen (som gjer at vår helt i matrosdress sjølvsagt eksploderer i vilt raseri andsynes Dolly).

Eg hadde ærleg talt gløymt at eg hugsa denne forteljinga, men under lesinga av Simon Critchleys bok av fjoråret, Det vi tenker på når vi tenker på fotball, som no er ute på norsk i Audun Vingers upåklagelege omsetjing, dukka ho opp i minnet. Trass i at forteljinga er 30 år gamal, gjev ho eit fascinerande presist bilete av idrettens status hjå den ulne sosiale kategorien «kultureliten» anno 2018, både i Critchleys fødeland England, mange stader i verda elles og ikkje minst her heime.

Vi kan ikke love ketsjup til alle,
men vi lover å servere deg viktige saker hver dag.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvererklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Bøker