Annonse
00:00 - 06. juli 2018

Apokalypse alltid

Metafysiske spørsmål duppar i vasskorpa i Øystein Stenes forsøk på å dissekere ulike former for ekstremisme.

Øystein Stene. Foto: Julie Pike
Annonse

Det er mykje som er magisk ved tilværet. Ein dokumentar eg nyleg såg om fly, gjorde meg for eksempel igjen bevisst på kor forunderleg det er at vi menneske kan sette oss inn i ein stor, tung maskin, lette frå bakken og bli løfta opp i høgare sfærer. 

I Øystein Stenes De opplyste er magien av meir metafysisk enn fysisk art, og med ei mørkare avskygging; om kor mange faktorar som må klaffe for at livet her nede skal eksistere, at det held fram med å eksistere, sekund for sekund. At katastrofane ikkje burde vere unntaket, men regelen. Kor lite som skal til før alt liv på jorda blir utrydda.

Strengt delt i to. I Stenes roman er dette kjelde til ei tydeleg todeling; eit rike av truande og ein union av ikkje-truande. Det kanskje mest uforklarlege ved tilværet er da kanskje òg religion, trua på ein Gud. På same tid er forsøket på å finne svar på livets under og mørker djupt menneskeleg. Gjennom skildringa av eit breitt spekter av menneske, lagnadar og verdsbilde framstår De opplyste som eit kollektivt skiftemål om kva ekstremisme gjer med eit samfunn, anten den fordrar ei tvillaus tru på ein Gud eller den bekjenner seg til rein fysikk og vitskap.

Vi kan ikke love ketsjup til alle,
men vi lover å servere deg viktige saker hver dag.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvererklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Bøker