Annonse
00:00 - 18. mai 2018

Tinga slik dei er

I Helle Helles nye roman finst eit andedrag som er meir kortpusta og sorgfullt enn tidlegare i forfattarskapen.

Litterær lotion: Med sin raffinerte og på same tid banaliserande skrivemåte, stryk Helle prosaen sin som eit hudpleieprodukt over dei såra som lenge har eksistert mellom mor og dotter. Arkivfoto: Ellen Lande Gossner
Annonse

Danske Helle Helle har sidan debuten utstyrt bøkene sine med såpass konkrete og ordinære titlar at dei først og fremst peiker på det trivielle ved eksistensen: Hus og hjem, Biler og dyr – eller Forestillingen om et ukomplisert liv med en mann. I sin nye roman, som akkurat er lansert i Danmark, dekker forfattaren over skildringa av eit eksistensielt vendepunkt ved å skrelle det ned til eit enkelt pronomen utan stor bokstav.

Umiskjennelege Helle. Ei dotter prøver å leve eit tenåringsliv, ei mor er sjuk og strevar med å forsone seg med døden, ein strategi har dei saman; å skyve det vanskelege og vonde bort. Det er historia i de. Med ein umiskjenneleg skrivemåte – knappe dialogar, skildringar av mange og tilsynelatande meiningslause detaljar og scener frå høgst ordinære liv – nesten tvingar forfattaren oss til å gløyme eksistensen av ein potensiell undertekst.

I Helles forrige bok, Hvis du vil (2015), skildra ho ein joggetur der to framande finn saman idet dei har løpt seg bort i skogen og la opp til meir dramatikk enn kva vanleg er i ei klassisk Helle-bok. Årets utgiving minner meir om Dette burde skrives i nåtid (2012) ved sin måte å føre ein sort stillstandsrapport på, og skildringa av ulike strategiar for å gå utanom, eksistensielt og stilistisk, tilfører prosaen eit stille, men desperat andedrag.

Vi kan ikke love ketsjup til alle,
men vi lover å servere deg viktige saker hver dag.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvererklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Bøker