Annonse
00:00 - 04. mai 2018

Buktale frå havet

Den gamle mannen og havet får sin eigen vri i franske J.M.G. Le Clézio si siste utgiving av historier.

Fotfeste: Le Clézio skriv om minne, eksil og grunnleggande framandkjensle. Foto: Robert van der Hilst/Gamma-Rapho /Getty Images
Annonse

Kva val som faktisk er eller blir av dei mest avgjerande i eit liv, er ikkje alltid like opplagt. Heller ikkje korleis vi menneske vil reagere når vi står overfor ei uoverstigeleg utfordring, ei krise, eit vegskilje. I romanen Svoltens refreng, som kom i 2008 – same året som Le Clézio tok imot nobelprisen i litteratur – skildra forfattaren ein grunnleggande eksistensiell livssvolt i lys av ein like grunnleggande fysisk svolt og med mellomkrigstidas nazisme og eit trugande kaos i Europa som spegel.

Vidsynt kunnskap. I Fotfeste, den første utgivinga på norsk etter Svoltens refreng, held Le Clézio fast ved attkjennande motiv i forfattarskapen, som minne, eksil og grunnleggande framandkjensle. Ei kjensle av undergang, para med ein mørk ironi, er ofte nærverande hos Le Clézio. Det samlande og allmennmenneskelege refrenget i dei seks historiene i Fotfeste er likevel menneskets ibuande livsmot.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.