Annonse
00:00 - 06. april 2018

Vi går i bane

I sin andre roman skildrar Birgit Alm korleis fattigdom kan isolere eit menneske.

Norsk samtid: Birgit Alm skriv om klasseskilnader og utanforskap. Foto: Hilde Unosen
Annonse

Kva betyr det eigentleg å ordne seg i livet? Kva skil eit vellykka liv frå livet til ein tapar? Både i debutboka Endelig skal vi le (2016) og i årets utgiving, Ensom planet, undersøker Birgit Alm (f. 1967) klasseskilje og einsemd. Det mest råkande ved Alms portrett av eksistensar på avstand frå trygg, norsk middelklasse, er korleis ho viser at fattigdom òg blir halde ved like, fordi ein så sjeldan snakkar om den.

Det velordna framande. Heilt taust om klasse og utanforskap er det likevel ikkje i norsk samtidslitteratur. I romanen Alt inkludert (2015) skriv Marit Eikemo både skarpt og underhaldande om aleinemora Agnes’ oppleving av å stå på utsida av eit ordna liv og alle dei tinga som dette livet ser ut til å måtte bestå av. Kyrre Andreassen er ein annan forfattar som bruker skjønnlitteraturen til å rette eit smart blikk mot menneske som ikkje heilt evnar å leve innanfor eit norsk A4-liv og det samfunnet som omgir dei.

I Alms Ensom planet handlar det om ei kvinne, tilsett i Nav. Ho har tatt eit steg opp frå ein kvardag i ein bygard med fellesdo i trappeoppgangen, og møter dette livet igjen da ho får ansvar for eit dødsbo. Boris, ein ikkje altfor nær venn, men likevel noko av det næraste, har av alle ting døydd på reise i Kina. Gjennom innbo, bilde og brev får både kvinna og lesaren kikke inn i ei leilegheit og eit liv som ligg i ein gulgrå dis av nikotin, tjære, støv.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.