Annonse
00:00 - 09. mars 2018

Litteratur som flerrar opp verkelegheita

Eit blikk frå Guatemala skrur om på den norske debatten om verkelegheitslitteratur.

Eitt av Eduardo Halfons grep er å gi den tilsynelatande sjølvbiografiske romanen ei ny sjangernemning. Foto: Ulf Andersen/Getty Images)
Annonse

Fleire utgivingar eg har lese frå forlaget Bokvennen, har vist at dei ikkje alltid arbeider like grundig redaksjonelt med den omsette litteraturen dei gir ut. Men at forlaget, spesielt om ein ser det i samanheng med historia til det no oppkjøpte og Bokvennen-eigde Solum, gir ut verdifull litteratur frå verda, er det ingen grunn til å tvile på. Nettopp ei slik god og veldig velkommen bok på norsk er Eduardo Halfons Den polske bokseren.

Episodisk verkelegheit. Hovudpersonen i denne episodiske romanen, sjangermerkelappen på tittelbladet, er Eduardo Halfon. Han deler altså namn med forfattaren Eduardo Halfon (f. 1971) som har gitt ut elleve skjønnlitterære bøker og posisjonert seg som ein av Latin-Amerikas stemmer det er verdt å følgje med på.

Begge er av polsk-jødisk familie, begge har ingeniørstudium bak seg, men underviser i litteratur på universitetsnivå. Trass i snart to tiår med verkelegheitslitteratur (eit omgrep som kanskje særleg har florert her til lands) som ein del av samtidslitteraturen, framstår Halfons roman som eit høgst interessant og originalt stykke arbeid innan sjangeren. Det gjer den kanskje nettopp fordi romanen rapporterer frå ein annan verdsdel og dermed har noko anna å seie oss i kjølvatnet av den norske debatten.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Bøker