Annonse
00:00 - 23. februar 2018

Oskefast i tilveret

Etter å ha jobba på eit krisesenter for kvinner i Singapore, har Benedicte Meyer Kroneberg skapt ein aktuell roman om overgrep og ansvar.

Der det brenn: Sjølve ramma i romanen til Benedicte Meyer Kroneberg er ein skogbrann i Indonesia hausten 2015 som lamma flytrafikken i Malaysia og Singapore. Foto: Jefta Images / Barcroft Media/ Getty Images
Annonse

Sidan debuten i 2010 har Benedicte Meyer Kroneberg vist ein vilje til å skildre einskildmennesket i interaksjon med den kulturen vi lever i og som heile tida er med på å forme oss. No er forfattaren aktuell med ein roman frå eit krisesenter i Singapore. Boka utvidar nedslagsfeltet for den maktkritikken som metoo-kampanjen har gitt røyst til.

Tematisk plasserer forfattaren seg side om side med for eksempel dansk-kurdiske Sara Omars avdekking av patriarkalsk vald i debutromanen Dødevaskeren og franske Leïla Slimanis sakprosabok Sexe et mensonges. La vie sexuelle au Maroc («Sex og løgner. Seksualitet i Marokko») som formidlar brutale skriftemål frå kvinneliv i Marokko (begge nokså nyleg omtalt i Morgenbladet). Slik supplerer Kroneberg dei mange historiene vi i seinare tid har fått om vald og undertrykking.

To spor. Romanen følgjer to narrative spor. Hovudpersonen har flytta til Singapore saman med sambuar og ein son og jobbar på eit krisesenter for kvinner. Kvinnene har det til felles at dei er blitt utsette for trakassering eller vald på jobb. På same tid får vi høyre historia om hovudpersonens eksmann, om rusmisbruket hans og om ei nokså konsekvent ansvarsløyse som forelder.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.