Annonse
00:00 - 26. januar 2018

Ved porten til helvete

Fjorårets vinnar av den franske Goncourt-prisen gir litterær form til historia om Nazi-Tysklands første aggresjonar.

Fortid: Éric Vuillards protagonist i L'ordre du jour ikkje er ein historisk person, men ei historisk hending, nemleg Anschluss.
Annonse

På slutten av fjoråret gjorde ein tweet frå ein kollega meg merksam på eit dansk tilløp til tendensanalyse: «Autofiktionen er død, længe leve exofiktionen.» Det dreidde seg om siste nytt frå Paris. Fransk samtidslitteratur var ferdig med romanpersonar som heiter det same som forfattaren sjølv. No var tida inne for exofiksjon, ei slags avskrift som set i scene den personlege historia til ein historisk person.

Romanar om historiske personar har nok alltid klart å finne sin plass i samtidslitteraturen. Her i landet har vi alt frå Niels Fredrik Dahls Herre (om Herman Herre) og Selma Lønning Aarøs Hennes løgnaktige ytre (om Anna Munch) til Nikolaj Frobenius’ Jeg skal vise deg frykta (om Edgar Alle Poe) og Cecilie Engers Himmelstormeren (om Ellisif Wessel). Min favoritt innan sjangeren er framleis Lars Amund Vaages Den framande byen frå 1999 (om den austerrikske legen og psykoanalytikaren Wilhelm Reich).

Ein kan elles lett hevde at merksemda sjølvfiksjonen har fått, er i overkant stor målt opp mot mengda av den. Same kva, fjorårets mottakar av den viktige franske litteraturprisen Prix Goncourt Éric Vuillard styrkar med L’ordre du jour (Dagsordenen) påstanden om exofiksjonens framvekst i samtidslitteraturen – sjølv om Vuillards protagonist ikkje er ein historisk person, men ei historisk hending, nemleg Anschluss.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.