Annonse
00:00 - 15. september 2017

Tvingande nødvendig

Det finst alltid nokre gliper av uønska sanningar i prosaen til Terje Holtet Larsen.

Tilværets dødvinkel: Terje Holtet Larsen tek draumen om å forsvinne til sitt endelege sluttpunkt i haustens novellesamling.Foto: Baard Henriksen / Oktober
Annonse

Ein kan hevde at Terje Holtet Larsens forfattarskap er ei vedvarande utforsking av følgjande desillusjonerte og ikkje særleg politisk potente problem: Korleis sleppe unna seg sjølv, korleis halde ut, korleis forsvinne. Det finst likevel, eller nettopp derfor, godt tildekt av ein snirklete stil, men samstundes klare setningar dynka med desperat humor og sardonisk eleganse, ein insisterande vilje til å blottlegge ei banal, norsk verkelegheit – eller med forfattarens eigne ord frå ein tidlegare roman: «dette oljevelsignede, sosialdemokratiserte lykkelandet».

 

Gøymde sanningar. No er forfattaren på nytt aktuell med noveller (han har tidlegare gitt ut tre novellesamlingar), etter ei rekke romanar som på ulike måtar heng tett saman tematisk. Forsøk på å bevege seg med mørkets hastighet er noveller med personar som speglar og kontrasterer kvarandre, altså ikkje ulikt korleis romanane i forfattarskapen er komponerte. Sanning, sorg, og krenking er tematiske spor som bygger opp mot eit alvor, som kvart augeblikk kan bli punktert av forfattarens grunnleggande tvisyn.

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse