Annonse

Annonse

00:00 - 01. september 2017

Grunnar til å leve lykkeleg

Det er sjeldan innlysande kva tid og korleis kjærleik kan vende om i forakt, avsky, eller skam.

Slekters gang: I Marit Tusviks omfattande, sjangervarierte forfattarskap finst ei tydeleg interesse for jord og slekt og slekters gang. Så også i I hans armar, hennar åttande roman. Illustrasjon: Gustav Vigeland / Nasjonalmuseet

Eitt er som oftast sikkert, mykje av det vi opplever rundt oss, er ikkje heilt slik det kan synast ved første – eller andre – augekast. I Marit Tusviks åttande roman skildrar forfattaren eit kjærleiksforhold som i aukande grad blir styrt av dei mørke sidene hos den eine parten – noko som hovudpersonen eit godt stykke ut i romanen innser og tenker: «Å leve i lag med han, var å dele hans skjebne. Gå i hans tunge spor. Eg falda hendene framfor meg i mørkret og kviskra: La han døy.»

Den 24 år gamle Sofia, ressurssterk og livskraftig kunstnarspire, forelskar seg brått i den femten år eldre Frank, ein sjarmerande, intellektuell amerikanar. Han er tilsynelatande energisk, og det går kort tid før Frank flyttar inn hos Sofia. Han byggjer Sofia opp, gir henne sjølvtillit som menneske og som kunstnar, for så sakte å bryte henne ned. Slik beveger den plutselege og sterke kjærleiken mellom dei seg mot ein meir og meir pervertert kjærleik.

Det til dels gode ved Tusviks samansette kjærleikshistorie er korleis dramaet er bygd opp som ein thriller om ei nysgjerrig og oppfinnsam kvinne som øydslar kjærleiken sin på ein livsudyktig mann og eit lite berekraftig forhold – og der kvinna i svært liten grad blir skildra som eit offer.

HER !

Annonse