Annonse
00:00 - 02. juni 2017

Djupt lokalt, høgst globalt

Mariana Enriquez gir oss den argentinske horrorversjonen av bestialitetens historie i kontante noveller som berører og vekker ubehag.

Brutal: Ein skal leite lenge etter spor av magisk realisme hos Mariana Enriquez, her handlar det mer om brutale realitetar. Foto: Nora Lezano
Annonse

Korleis reagerer vi når det bestialske stirer oss beint inn i kvitauget? Ein av Argentinas yngre røyster, Mariana Enriquez (f. 1973), er aktuell på norsk med noveller om kvinner som set fyr på seg sjølv i protest mot vald, om djevelske handlingar som blir utøvd med gatebarn som offer og om guida forbrytarturar i eit mørkt og sjuskete Buenos Aires.

Forfattaren, som har bakgrunn som journalist, debuterte som skjønnlitterær forfattar allereie i 1994 og har gitt ut fleire romanar. I heimlandet plasserer Enriqes seg som ein av dei viktige samtidsforfattarane, men det er først med denne novellesamlinga at ho no når ut over eigne landegrenser, for norsk er berre eitt av mange språk den no er omsett til.

Dei brutale skildringane i Ting vi mistet i brannen skaper assosiasjonar til den chilenske forfattaren Roberto Bolaño (1953–2003) og verket 2666 som kom ut i norsk omsetjing ved Kristina Solum i 2015. Bolaños litteratur representerer eit brot med den tradisjonsrike magiske realismen i Latin-Amerika og 2666, med sine 943 sider, handlar på den eine sida om ein fiktiv prøyssisk forfattar, på den andre om hundrevis av uoppklarte kvinnedrap i Mexico.

ALLEREDE ABONNENT?
Begrenset sommertilbud
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse