Annonse
00:00 - 28. april 2017

Å overvinne tida

Tyske Judith Hermanns novellekunst har mognast, men årgangsvin er ikkje alltid best.

Det enkle: For ein norsk lesar kan Judith Hermanns noveller på sitt beste likne det enkle, men meiningstette universet til Kjell Askildsen. Foto: Sofie Amalie Klougart / Scanpix Danmark
Annonse

Da den tyske forfattaren Judith Hermann (fødd 1970) debuterte med novellesamlinga Sommerhus, senere i 1998, stadfesta Marcel Reich-Ranicki – truleg den mest innverknadsrike litteraturkritikaren i Tyskland etter krigen – at landet hadde fått ein forfattar utanom det vanlege. Med referansar til mellom anna PJ Harvey og David Bowie skildra novellene ung rastløyse og liv som helst blei levd på nattetid. Det var ein litteratur skrevet med halvopne auge, som Reich-Ranicki karakteriserte det.

No, nesten tjue år seinare, er Hermann aktuell med si femte novellesamling, Lettiparken. Det handlar ikkje lenger om livet i augeblikket, men meir om det som ein gong var og som aldri vil bli det same igjen. Rastløyse er blitt til forgjengelegdom og ei erkjenning om at alle festar, òg livet, har ein slutt.

 

ALLEREDE ABONNENT?
Begrenset sommertilbud
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse