Annonse

Annonse

00:00 - 24. februar 2017

Dønningar frå Maghreb

Frankrikes brutale kolonihistorie lever vidare i samtidslitteraturen, skriver Margunn Vikingstad.

Vaktpost: Fransk samtidslitteratur viser at såra framleis ser ut til å ligge ope etter 132 år med ein urettferdig og brutal okkupasjon av Algerie. Marseille har vore innfallsporten til Frankrike og Europa for mange frå dei tidlegare koloniene i Maghreb. Den unge guten på biletet er vaktpost for dopseljarar i ein banlieue i Marseille. Foto: Arnau Bach/VII

At skjønnlitteraturen kan fungere som samtidsspegel, har dei seinare åras nominering til den prestisjetunge franske litteraturprisen Prix Goncourt vore med på å synleggjere. Blant dei åtte nominerte bøkene i 2015 tematiserte storparten Vestens turbulente relasjon til islam og den arabiske verda. Algeriske Boualem Sansal (f. 1949) var tidleg ein av favorittane med den dystopiske Orwell-alluderande romanen 2084. La fin du monde. Rett nok nok nyttar Sansal aldri ordet islam, men boka, som denne veka kjem ut på norsk med tittelen 2084. Verdens undergang, skildrar eit framtidig religiøst diktatur der kvardagen er regulert av lydigheit, underkasting, overvaking og eit omfattande rettssystem.

Sansal var ifølgje franske aviser òg Michel Houellebecqs føretrekte blant dei nominerte. Houellebecq fekk sjølv prisen i 2010 for Kartet og terrenget, og har sidani tematisk brorskap med Sansal blitt meir enn ønskeleg aktuell med skildringa av ei auka politisering av religion i romanen Underkastelse. Houellebecqs roman framstår ikkje som djupt islamofobisk, slik fleire hevda – og frykta – i forkant av utgivinga. For meir enn å råke islam, blottlegg den ei lammande likesæle i samtida, særleg blant franske intellektuelle. Samanfallet mellom lanseringsdatoen for Houllebecqs roman og terroråtaket mot satiremagasinet Charlie Hebdo minner oss likevel på at vi lever i ei uroleg politisk samtid, der frykt og terror er blitt ein del av mange menneskes kvardag.

 

HER !

Annonse